Admiral Vandier likar FFIs satsingar

Pierre Vandier har vore på det første noregsbesøket sitt som sjef for ACT, eininga som har ansvar for Natos militære utvikling. Forsvarssjef Eirik Kristoffersen valde å invitere admiralen til FFI. Franskmannen likte det han fekk sjå. 

Admiral Pierre Vandier og forsvarssjef Eirik Kristoffersen. ser på satellittar og anna utstyr ved FFI.
IMPONERT: FFI var ein av stadene forsvarssjef Eirik Kristoffersen han meinte Pierre Vandier burde besøkje på det første noregsbesøket sitt etter at han blei utnemnd til leiar for Nato-eininga ACT i haust. Franskmannen likte det han fekk sjå. (Foto: FFI)

– Eg er glad for å vere her. Noreg og det norske Forsvaret er viktig for Nato både på grunn av si strategiske geografiske plassering, i utforskinga av klimautfordringane og gjennom dei konsepta vi i alliansen skal samarbeide om framover, sa Vandier.

Direktør Kenneth Ruud starta med å introdusere Vandier for FFIs oppgåver og mål. Deretter fekk han vite meir om den strategiske bakgrunnen for romaktivitetane til instituttet.

Treårig jobb

FFIs gjest har hatt ein lang karriere forut for utnemninga 23. september i år. Då tok Pierre Vandier over som Supreme Allied Commander Transformation ved ACT-hovudkvarteret i Norfolk. Det ligg i Virginia i USA.

På godt norsk tyder det at han er Natos sjef for militær utvikling: Allied Command Transformation er ein militær kommando innanfor Nato. Den vart danna i 2003. 

ACTs mål er å leie endring av styrkane og kapasitetane til alliansen. Ein vil først og fremst forbetre den militære effektiviteten til Nato. Då Frankrike igjen tredde inn i Natos militære kommandostruktur i 2009, skjedde ei endringa der øvste allierte ACT-sjef blei ein fransk offiser.

Med på FFI-besøket var også sjef for Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) Rune Andersen. Han kjenner Vandier godt frå før. Samtidig som Andersen var sjef Sjøforsvaret var Vandier nemleg Frankrikes marinesjef.

I den eigenskapen har 57-åringen vore sentral i utviklinga av den franske marinestrategien. Han har også hatt viktige roller i internasjonale samarbeidsforum, til dømes som president i Indian Ocean Naval Symposium.

Stadig raskare utvikling

Toppsjefen i ACT sa under besøket at han er oppteken av å følge med på den rivande teknologiske utviklinga i sivil sektor.

– Dual use er viktig, altså det rommet som finst for å utnytte nyutvikla kommersiell teknologi også militært. Særleg det som skjer på forskings- og utviklingsfronten i USA er avgjerande, sidan dei største selskapa her bruker fem gonger så mykje på slik forsking som dei største i Europa.

Han la til at dette også hadde mykje å seie for militære leiarar.

– Generalane i Nato må forstå. Dei må bli trena, dei må lærast opp til å sjå og forstå teknologiane som kjem.

Romnasjonen Noreg

Om visitten på FFIs satellittlab brukte han omgrepet «cutting edge». Instituttet har leidd an i å få test- og demo-satellittar opp i verdsrommet sidan 2010.

– Utviklinga som mellom anna de nordmenn har gjort på området, ikkje minst gjennom utviklinga av dei små satellittane, har gjort at vi i dag kan nå verdsrommet med viktig teknologi til ein hundredel av kva prisen var tidlegare, sa Vandier.

– Det er ikkje til å tru, men dei siste tiåra har forskinga og samarbeidet mellom norske aktørar gjort oss til ein romnasjon, repliserte Eirik Kristoffersen.

Admiral Vandier med fleire høyrer Tonje Nanette Arnesen fortelje om kva FFI arbeider med innan space.
SPACE: FFIs Tonje Nanette Arnesen var ein av fleire som orienterte Nato-besøket om korleis instituttet arbeider innanfor space. (Foto: FFI)

Viktig å tenke nytt

Vandier understreka kor viktig det er å tenke nytt om forsvarsinvesteringar.

– Det er ein risiko ved å skaffe meir av det vi har vore vant til å skaffe, framfor å skaffe det vi kjem til å trenge.

Han og Kristoffersen peika også på at ein må gjere seg mindre plattformavhengig, og vere meir oppteken av korleis sjølve operasjonane skal gjennomførast for å sikre sigrar.

– Multidomenetenking og IT-kunnskapar blir berre viktigare i så måte.

Vi spurde Pierre Vandier korleis han som erfaren militær vurderer komande tiders konfliktar og krig, i lys av den teknologiske utviklinga.

– Krig er alltid noko som ein i utgangspunktet bør unngå. I Ukraina ser vi no ein kombinasjon av første verdskrigen, med skyttargraver, og tredje verdskrig i form av nye, svært avanserte våpen. Teknologi knytt til space, cyber og IT endrar ikkje det grunnleggjande.

Kenneth Ruud helsar på admiral Pierre Vandier. Forsvarssjef Eirik Kristoffersen ser på.
NATO-BESØK: FFI var ein av stadene forsvarssjef Eirik Kristoffersen (midten) han meinte Pierre Vandier burde besøkje på det første noregsbesøket sitt etter at han vart utnemnd til leiar for Nato-eininga ACT i haust. Her blir han helsa velkommen av Kenneth Ruud, administrerande direktør ved FFI. (Foto: FFI)