illustrasjon av AISSat2 i bane utenfor jordkloden
Tema

Romteknologi

Rommet gir Forsvaret store teknologiske og strategiske høve – først og fremst innanfor kommunikasjon, navigasjon og overvaking.

FFI har forska på romteknologi og romfysikk sidan instituttet vart oppretta i 1946. Vi har jobba med satellittar til militær bruk sidan 1990-talet. Vi forskar på instrument, sensorar og radarar til satellittar, og vi jobbar med programvare og kunstig intelligens som kan tolke og omarbeide data desse einingane hentar inn.

Dei siste åra er det utvikla ei rekke norske test- og forskingssatellittar der FFI har teke del. Teknologien i desse testsatellittane er utgangspunkt for tre ulike norske satellittkonstellasjonar for maritim overvaking som skal skytast opp fram mot 2030.

Romteknologien har ikkje berre militær nytteverdi. Dei store havområda langt mot nord betyr mykje for miljø, næringsverksemd og tryggleik. Ei god situasjonsforståing, og ei evne til å oppdage uvanlege hendingar, er nyttig for alt frå sivil forvaltning via samfunnstryggleik til militære operasjonar. Noregs særeigne geografi  gjer at maritim overvaking frå satellitt er spesielt effektivt. Nærleiken til Nordpolen gjer at det trengst færre satellittar for kontinuerleg overvaking enn det gjer for dei fleste andre område i verda.

I 2033 kan vi kombinere effektiv fiskeriforvaltning og trygg sjøfart med samfunnstryggleik og forsvar mot samansette truslar. Årsaka er utviklinga som er gjort av nasjonalt kontrollerte småsatellittar dei siste tiåra. Informasjonen desse satellittane samlar inn er også eit viktig bidrag til Nato.

Vi har berre sett byrjinga på det norske romeventyret. Sivil teknologiutvikling og lågare utviklingskostnader opnar opp rommet for stadig fleire aktørar og bruksområde. Vi treng framleis forsking og utvikling for å vere i forkant, og dra nytte av det som romteknologi kan gi Forsvaret.

Møt romforskarane

Kven er FFis romforskarar, og kva arbeider dei med? Kva er kompetansen deira, og kva driv dei? Her fortel fire av dei meir om engasjementet sitt.

Far var flyger

Tonje_arnesen.png

– For å få en god oversikt i nordområdene våre, trenger vi bedre dekning med egne satellitter, slik at vi er mer uavhengige av andre land. 

Les mer

Så meg aldri tilbake

Romforskere_Andreas1.jpg

Tverrfaglige problemstillinger gjør at jeg lærer noe nytt hele tiden, ikke minst fordi jeg har kunnskapsrike og hjelpsomme kollegaer. 

Les mer

Dette er krutt

berit_jahnsen.png

En sensor uten plattform er ikke så veldig spennende. Det samme gjelder en satellitt uten nyttelast. Men sammen er de krutt!

Les mer

Tømring var starten

bjørn_pettersen.png

Det blir spennende å følge med på Andøya, og etableringen av en nasjonal oppskytningskapabilitet.

Les mer

Relatert innhold