(U) Sikkerheitspolitisk krise, nasjonal kriseleiing og sivilmilitært samarbeid (sladdet utgave)
Om publikasjonen
Rapportnummer
2010/01009
Format
PDF-dokument
Størrelse
3.2 MB
Språk
Norsk
Rapporten er ein del av BAS6-prosjektet og omhandlar nasjonal kriseleiing og sivilmilitært
samarbeid. Vi har utvikla ein bakgrunnshistorie og eit sett vignettar som beskriv ulike situasjonar
og utfordringar som kan oppstå dersom eit avgrensa militært angrep på Noreg skulle skje.
Forsvarsstudien 2007 "Strategisk overfall" er brukt som utgangspunkt. Vi har som eit ledd i
analysen utvikla ein kognitiv modell om nasjonal krisehandtering og sivilmilitært samarbeid som
vi har fått tilbakemelding på frå både byråkratar og militære. I etterkant av arbeidsseminaret har
vi gjennomført suppleringsintervju med fleire aktørar. Rapporten er også presentert for og drøfta
på møte i Sentralt Totalforsvarsforum 19.april 2010. Resultatet av dette arbeidet er dokumentert i
denne rapporten.
Vår første hypotese "Forskarar, byråkratar og offiserar har same oppfatning av situasjonen" er
testa og funne ikkje sann. Forskarar, byråkratar og offiserar har ikkje den same oppfatninga av
kva som er dei viktigaste oppgåvene, ressursane og områda for sivilmilitært samarbeid. Mange
oppfatningar har likevel fellestrekk. Forsvaret og forskarane er oppgåvefokusert i forhold til dei
rollene dei er tiltenkt å ha i situasjonar som veks fram frå vignettane, medan dei sivile
myndigheitene er opptekne av samordning, internasjonalt diplomati og krisekommunikasjon. I ein
reell krisesituasjon vil desse gruppene vere ressurspersonar og bidra med sin kompetanse inn i
krisehandteringa. Maktforholdet mellom ulike kompetansegrupper kan virke inn på
situasjonsbiletet og avgjerslene som vert tekne, og også tilgang til kommunikasjonssystem.
Vår andre hypotese er: "Det er signifikante avvik mellom behova for sivile og militære ressursar
og kva som vil vere tilgjengelig i ein nasjonal krisesituasjon der Noreg vert utsett for eit avgrensa
militært angrep". Denne hypotesen er bekrefta og dermed sann. Vi har avdekka følgjande viktige
avvik:
Ansvarsforholdet mellom ulike sivile offentlege organ er uklart, særleg gjeld dette i
overgangsfasen mellom fred og krig.
Det er identifisert eit avvik mellom behov for sivilmilitær samordning og faktisk
samordning. For å få til dette er det naudsynt å etablere nye kontaktar.
Sjølv om det eksisterar oppdaterte nasjonale kriseplanar er desse ikkje alltid kjende i
departementa og heller ikkje øvd.
Forsvaret har eit stort behov for sivile varer og tenester, men sidan det er ingen som
etterspør beredskap som produkt, har sivile avtalar og beredskapsordningar ikkje vore
prioritert.
I ein krig vil Forsyningslova, militær rekvisisjonslov og anna beredskapslovgiving tre i
kraft og Forsvaret vil kunne rekvirere nødvendige ressursar. Forsvaret har trass i dette ein
utfordring i oppbyggingsfasa til ein krigssituasjon der dei er avhengige av støtte og
ressursar frå det sivile samfunnet.
Det sivile samfunnet vil etterspørje informasjons- og sikkerheitstenester frå Forsvaret,
informasjon om sikre transportruter, informasjon om stad og tid for varelevering til
Forsvaret og nøkkelpunktssikring. Men, har Forsvaret nok ressursar?