The Taliban insurgency in Afghanistan - organization, leadership and worldview
Om publikasjonen
Rapportnummer
2010/00359
ISBN
978-82-464- 1711-0
Format
PDF-dokument
Størrelse
1.7 MB
Språk
Engelsk
Føremålet med denne rapporten er å få ei betre forståing av Taliban og deira rolle i opprørsrørsla i Afghanistan etter 2001. Rapporten har ei tredelt tilnærming: I første del diskuterer rapporten kva som karakteriserer den afghanske opprørsrørsla, basert på forsking som allereie er gjort på temaet. Den andre delen ser på kva som karakteriserer organisasjonen til den største og mest velkjente opprørsgruppa i Afghanistan, nemleg Talibanrørsla (eller Det islamske emiratet i Afghanistan, IEA) som Mulla Muhammad Omar leier. Den tredje delen av rapporten, som er den mest omfangsrike, diskuterer Taliban-leiinga sin ideologi og verdsoppfatning, basert på ein kvalitativ analyse av Taliban sine offisielle publikasjonar og ytringar.
Rapporten argumenterer for at Taliban-leiinga ser på seg sjølv som ei nasjonalistisk og religiøs rørsle som ynskjer å gjenreise Taliban-staten som styrte Afghanistan på 1990-talet. Taliban og dei utanlandske gruppene i Afghanistan (al-Qaida, Islamic Movement of Uzbekistan, Tehrik-e-Taliban Pakistan og andre) har ulike agendaer: Taliban ynskjer å halde striden innanfor Afghanistans grenser, mens dei utanlandske gruppene ynskjer å spreie konflikten til andre land. Taliban har likevel eit nærare forhold til sine utanlandske allierte enn til afghanaren Gulbuddin Hekmatyar, trass i at Hekmatyar og Taliban kjempar for liknande mål. Den viktigaste konfliktlinja i forholdet mellom Taliban og deira allierte synest å vere sentrert om makt og autoritet, og i mindre grad om ideologiske skilnader.
Taliban bruker mykje ressursar på å angripe afghanske mål, trass i at dette vert rekna som meir kontroversielt enn å angripe dei framande koalisjonsstyrkane i Afghanistan. Rapporten argumenterer for at årsaka ikkje berre er pragmatisk: Det å angripe afghanske motstandarar er ein medviten strategi frå Taliban si side, og underbyggjer argumentet om at Taliban sin hovudfiende er den afghanske regjeringa, og ikkje dei internasjonale styrkane. Dette korresponderer òg med eksisterande teoriar om opprørsrørsler, som gjerne skildrar opprør som ei konflikt mellom opprørsgruppa (Taliban) og den lokale regjeringa (Karzai-regimet). Andre aktørar (Nato, USA, Pakistan, al-Qaida og andre) kan ha innverknad på konflikten, men speler likevel berre ei sekundær rolle samanlikna med Karzai-regimet.
Til sist diskuterer rapporten korleis Taliban-leiinga stiller seg til forhandlingar med det afghanske regimet. Slik som situasjonen er no ser det diverre ut til at eitkvart forsøk på å forhandle med Taliban-leiinga vil tene til å styrke opprørsrørsla, heller enn å svekkje henne. Ein meir realistisk framgangsmåte er truleg å svekkje samhaldet i Talibanrørsla gjennom å ta initiativ til forhandlingar, og tilby incentiv, til opprørsleiarar på lågare nivå. Opprørsrørsla er samansett av mange ulike grupper med særs ulike motivasjonar. Dette kan sjåast på som ei stadfesting av Talibanrørsla sin styrke – men det kan òg vera ein veikskap dersom ho vert utnytta på rett måte. Denne framgangsmåten krev rett nok store militære ressursar og inngåande kjennskap til lokale forhold.