The physics of HPM sources

FFI-Rapport 2008

Om publikasjonen

Rapportnummer

2008/00014

ISBN

978-82-464-1316-7

Format

PDF-dokument

Størrelse

1.9 MB

Språk

Engelsk

Last ned publikasjonen
Steinar Børve

Mange land har i fleire tiår gjennomført forsking på høgeffektive mikrobølgjekjelder (HPM), både til sivile og militære føremål. Det store gjennombrotet for HPM-våpen har derimot lete venta på seg, til trass for at viktige framsteg har blitt gjort. Samstundes vert vi stadig meir avhengig av datastyrte kontrollsystem og trådlause kommunikasjonskanalar, noko som gjer den potensielle gevinsten ved å bruke HPM stadig større.

Ein kan difor ikkje seie at forskingsaktiviteten på dette området har sunke dei seinare åra. For betre å kunne vurdere den potensielle faren representert ved HPM-våpen og den generelle statusen innan relevant forsking, presenterer vi her ein introduksjon til fysikken bak dei mest vanlege mikrobølgjekjeldene i dag. Vi prøver i tillegg å peike på det vi ser på som dei mest lovande teknologiane, sett frå ein militær synsvinkel.

Nylig publisert