Personellsatsar til bruk i langtidsplanlegginga i Forsvaret – metode for utrekning og satsar basert på rekneskapen frå 2011 til 2013

FFI-Rapport 2014

Om publikasjonen

Rapportnummer

2014/00678

ISBN

978-82-464-2419-4

Format

PDF-dokument

Størrelse

4.2 MB

Språk

Norsk

Last ned publikasjonen
Kjetil Hove
Summen av lønnsutgifter og personellrelatert materiell, varer og tenester (til dømes proviant, sanitetsmateriell og reiseutgifter) utgjer kvart år rundt halvparten av Forsvaret sine totale utgifter. Basert på Forsvaret sin utgifts- og årsverksrekneskap har Forsvarets forskningsinstitutt på oppdrag frå Forsvarsdepartementet i fleire år rekna ut personellsatsar til bruk i Forsvaret si langtidsplanlegging. I takt med at desse personellsatsane har kome i stadig hyppigare bruk, og at dei har kome i bruk på nye områder, er det eit behov for grundigare dokumentasjon av metode og satsar. Denne rapporten er eit bidrag til dette. I denne rapporten har vi kopla utbetalingar frå Forsvaret sin lønsrekneskap med årsverk frå Forsvaret sin årsverksrekneskap for å lage personellsatsar til bruk i langtidsplanlegginga. Vi har fordelt årsverka etter kvar i Forsvaret dei høyrer heime (kapittel), kva type personell det er tale om (avdelingsbefal, yrkesbefal, overenskomstlønna, sivile, verva eller menige) og kor aktive avdelinga dei høyrer til under er – høg aktivitet (til dømes Brigade Nord, ulike fartøy og ulike skvadroner), låg aktivitet (til dømes krigsskulane og stab- og støttefunksjonar) eller FRIFLO (til dømes vedlikehald). Tabellen under viser personellsatsar basert på denne nedbrytinga for eit utval kapittel. Tilsette i avdelingar med høg aktivitet har i gjennomsnitt lågare grunnlønn, men høgare aktivitetsbaserte tillegg, enn tilsette i avdelingar med låg aktivitet, medan FRIFLO-personell både har lågare grunnløn og lågare tillegg. Dei store skilnadene mellom satsane er årsaka til at vi ynskjer å lage satsar med dette detaljnivået. Hæren (1731) Sjøforsvaret (1732) Luftforsvaret (1733) Høg Låg FRIFLO Høg Låg FRIFLO Høg Låg FRIFLO Befal (A) 738 000 772 000 689 000 1 008 000 812 000 843 000 691 000 638 000 612 000 Befal (Y) 939 000 947 000 810 000 1 142 000 1 029 000 1 043 000 983 000 935 000 801 000 OVK - - 576 000 - - - - - 649 000 Sivile 623 000 741 000 602 000 - 743 000 706 000 - 676 000 585 000 Vervede 583 000 551 000 528 000 797 000 630 000 659 000 - 548 000 490 000 Menige 161 000 161 000 161 000 191 000 191 000 191 000 157 000 157 000 157 000 I denne rapporten går vi meir i detalj gjennom korleis satsane er bygde opp og korleis dei kan brukast. Mellom anna kan eit årsverk i Luftforsvaret få utbetalingar både frå Luftforsvaret, men også til dømes frå Redningshelikoptertjenesten. Denne flyten av pengar på tvers av kapittel kallar vi kapittelvandring og er bygd inn i satsane. For langtidsplanlegging på kapittelnivå må ein justere for dette for å få eit korrekt sluttresultat. Rapporten går også gjennom korleis fordele utbetalingar som i utgangspunktet ikkje høyrer til eit årsverk, og korleis vi tek ut utgifter mellom anna knytt til internasjonale operasjonar. Meir detaljerte personellsatsar er viste i kapittel 9 og tilhøyrande vedlegg.

Nylig publisert