Multi-topology routing - QoS functionality and results from CoNSIS field experiment
Om publikasjonen
Rapportnummer
2013/00529
ISBN
9788246422350
Format
PDF-dokument
Størrelse
3.8 MB
Språk
Engelsk
Denne rapporten skildrar arbeid som FFI-prosjekt 1175 har gjort for det multinasjonale
forskingsprosjektet CoNSIS (Coalition Networks for Secure Information Sharing). Noreg arbeida
saman med Frankrike, Tyskland og USA i CoNSIS. Prosjektet hadde som mål å utvikle løysingar
for effektiv og sikker informasjonsutveksling mellom koalisjonspartnarar på taktisk og
stridsteknisk nivå.
Me visar i denne rapporten til løysingar som kan hjelpe til å knytte saman ulike mobile nett
basert på ulikt radioutstyr frå ulike nasjonar, og dermed bidra til informasjonsutveksling mellom
forskjellige militære einingar og nasjonar. Me skildrar og mekanismar som kan gje ei betre
utnytting av resursane i mobile nettverk, og som kan støtte ein viss grad av differensiert
tenestekvalitet for trafikk i nettverket. Alle løysningane til CoNSIS støttar IPv6.
Som ein del av arbeidet med CoNSIS vart det utvikla ein demonstrator. Demonstratoren er ei
vidareutvikling av Intelligent taktisk IP-rutar, som er utvikla i samarbeid med Thales Noreg og
Forsvaret. I denne rapporten forklarar me korleis ulike typar funksjonalitet i den taktiske rutaren
best kan brukast i eit militært mobilt nettverk. Me rapporterer også frå den multinasjonale
felttesten som vart arrangert av CoNSIS, og oppførselen til ruterdemonstratoren vår i denne
testen. Mykje av denne informasjonen er også presentert i ein CoNSIS task1 rapport.