Faryab Survey - wave 6
Om publikasjonen
Rapportnummer
2012/02506
ISBN
9788246421926
Format
PDF-dokument
Størrelse
988.1 KB
Språk
Engelsk
Faryab Survey wave 6 vart gjennomført i oktober og november 2012. Spørjeskjemaet som vart
nytta er utvikla av Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) i samarbeid med det norsk-leia Provincial
Reconstruction Team Maimanah (PRT Maimanah). Meiningsmålinga består av omlag 50
spørsmål som dekker dei tre hovudområda; tryggleik, utvikling og styresett, i tråd med strategiane
som er lagt av norske myndigheiter og den NATO-leia International Security Assistance Force
(ISAF). Totalt vart 1433 persona intervjua i Faryab. Desse var mellom 18 og 75 år.
44 % av respondentane svarer at Faryab utviklar seg i riktig retning, medan 40 % uttrykkjer det
motsette. Samanlikna med tidlegare undersøkingar, representerer dette ei kontinuerleg negativ
trend. Arbeidsløyse er det største problemet i Faryab og har vore det i alle seks undersøkingane.
Det afghanske politiet vert sett på som ein viktig leverandør av tryggleik, og inntrykket av dei
afghanske tryggleiksstyrkane er godt. Men data indikerer samstundes er det ei negativ trend.
Inntrykket av tryggleikssituasjonen ser ut til å variere med årstida: Respondentane er meir
positive til tryggleikssituasjonen om våren samanlikna med hausten.
Det generelle inntrykket av styresmaktene er godt. Dette står noko i motstrid til det faktum at
korrupsjon blant offisielle styresmakter vert sett på som eit problem. Det er verdt å merka seg at
afghanarar kan vera ukomfortable med å kritisera myndighetar, og at kulturelle aspektar kan gjera
korrupsjon meir akseptert. Meiningane til kvinner og menn i undersøkinga er relativt like med berre nokre små skilnader.
Når ein samanliknar svara frå pashtunarar i Faryab med resten av svara frå Faryab finn me at
pashtunarane er mykje meir misnøgd med deira eigen situasjon og utviklinga i deira område enn
befolkninga generelt. Dei same trendane finn ein når ein samanliknar svara frå Ghormach, kor det
berre var pasthunarar blant respondentane, med svara frå Faryab. Trass det store talet på respondentar som vart intervjua, har alle spørjeundersøkingar avgrensingar
og uvisse. Dette gjeld særskilt for undersøkingar i eit konfliktområde, mellom anna av di det kan
vera områder som er utilgjengelege for intervjuarane og dessutan kan nokre av respondentane
vera redde for å uttrykka sine eigentlege meiningar.