Faryab Survey - wave 5
Om publikasjonen
Rapportnummer
2012/01447
ISBN
9788246421483
Format
PDF-dokument
Størrelse
979.6 KB
Språk
Engelsk
Faryab Survey wave 5 vart gjennomført i april og mai 2012. Spørjeskjemaet som vart nytta er utvikla av Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) i samarbeid med det norsk-leia Provincial Reconstruction Team Maimanah (PRT Maimanah2). Meiningsmålinga består av omlag 50 spørsmål som dekker dei tre hovudområda; tryggleik, utvikling og styresett, i tråd med strategiane som er lagt av norske myndigheiter og den Nato-leia International Security Assistance Force (ISAF). Totalt vart 1449 persona intervjua i Faryab. Desse var mellom 18 og 74 år. 42 % av respondentane var kvinner og 58 % menn.
49 % av respondentane svarer at Faryab utviklar seg i riktig retning. Det er like fullt ei lita negativ trend. Arbeidsløyse er det største problemet i Faryab og har vore det i alle fem undersøkingane.
Inntrykket av tryggleikssituasjonen ser ut til å variere med årstida: Respondentane er meir positive til tryggleikssituasjonen om våren samanlikna med hausten, men data indikerer samstundes at det er ei negativ trend. Det afghanske politiet vert sett på som ein viktig leverandør av tryggleik, og inntrykket av dei afghanske tryggleiksstyrkane er godt.
Det generelle inntrykket av styresmaktene er godt. Dette står noko i motstrid til det faktum at korrupsjon blant offisielle styresmakter vert sett på som eit problem. Det er verdt å merka seg at afghanarar kan vera ukomfortable med å kritisera myndighetar, og at kulturelle aspektar kan gjera korrupsjon meir akseptert.
Meiningane til kvinner og menn i undersøkinga er relativt like, men det er eit par områder der det er skilnad mellom kjønna. Til dømes er kvinner generelt meir positive til ANSF og med situasjonen i dag i høve til for eit år sidan. På den andre sida er kvinner meir negative til mogelegheita for kvinner.
Når ein samanliknar svara frå pashtunarar i Faryab med resten av svara frå Faryab finn me at pashtunarane er mykje meir misnøgd med deira eigen situasjon og utviklinga i deira område enn befolkninga generelt. Dei same trendane finn ein når ein samanliknar svara frå Ghormach, kor det berre var pasthunarar blant respondentane, med svara frå Faryab.
Trass det store talet på respondentar som vart intervjua, har alle spørjeundersøkingar avgrensingar og uvisse. Dette gjeld særskilt for undersøkingar i eit konfliktområde, mellom anna av di det kan vera områder som er utilgjengelege for intervjuarane og dessutan kan nokre av respondentane vera redde for å uttrykka sine eigentlege meiningar.