Faryab survey - wave 4
Om publikasjonen
Rapportnummer
2012/00475
ISBN
9788246420479
Format
PDF-dokument
Størrelse
807.3 KB
Språk
Engelsk
Faryab Survey wave 4 vart gjennomført i oktober 2011. Spørjeskjemaet som vart nytta er utviklet av Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) i samarbeid med det norsk-leia Provincial Reconstruction Team Maimanah (PRT Maimanah). Meiningsmålinga består av omlag 50 spørsmål som dekker dei tre hovudområda: tryggleik, utvikling og styresett, i tråd med strategiane som er lagt av norske myndigheitar og den NATO-leia International Security Assistance Force (ISAF). Total vart 1388 persona intervjua i Faryab. Desse var mellom 18 og 80 år. 47 % av respondentane var kvinner og 53 % menn.
53 % av respondentane svarer at Faryab utviklar seg i riktig retning. Det er like fullt ei lita negativ trend. Arbeidsløyse er det største problemet i Faryab og har vore det i alle fire undersøkingane.
Inntrykket av tryggleikssituasjonen ser ut til å variere med årstida: Respondentane er meir positive til tryggleikssituasjonen om våren samanlikna med hausten. Det afghanske politiet vert sett på som ein viktig leverandør av tryggleik, og inntrykket av dei afghanske tryggleiksstyrkane er godt. Det er likevel ei negativ trend samanlikna med tidlegare undersøkingar.
Det generelle inntrykket av styresmaktene er godt. Dette står noko i motstrid til det faktum at korrupsjon blant offisielle styresmakter vert sett på som eit problem. Det er verdt å merka seg at afghanarar kan vera ukomfortable med å kritisera myndighetar.
Meiningane til kvinner og menn i undersøkinga er forholdsvis like. Resultata viser eit par områder der kvinner er meir positive. Til dømes er kvinner, generelt meir positive til ANSF og med situasjonen i dag i høve til for eit år sidan.
Når ein samanliknar svara frå pashtunarar med svara frå Faryab finn me at pashtunarane i Faryab er mykje meir misnøgd med deira eigen situasjon og utviklinga i deira område enn befolkninga generelt i Faryab.
Befolkninga i Faryab vurderar den generell situasjonen i Faryab noko meir positivt samanlikna med korleis befolkninga i Afghanistan vurdere sin situasjon. Men befolkninga i Faryab er noko meir negativ på enkelte andre spørsmål.
Trass det store talet av respondentar som vart intervjua, alle spørjeundersøkingar har avgrensingar og uvisse. For å få ei betre forståing av uvissa og for å få eit betre bilete av trendane over tid legg difor FFI opp til å gjennomføra slike undersøkingar med jamne mellomrom i Faryab.