Er oljevernberedskapen i nord god nok : ei scenarioanalyse av stort oljeutslepp frå tankskip i Barentshavet

FFI-Rapport 2010

Om publikasjonen

Rapportnummer

2010/02128

ISBN

978-82-464-1859-9

Format

PDF-dokument

Størrelse

284.8 KB

Språk

Norsk

Last ned publikasjonen
Trine Østereng
Talet på store russiske oljetankarar i Barentshavet aukar. Rapporten evaluerer kapasiteten til norsk oljevernberedskap i nordområda, basert på tidlegare vurderingar av sannsynet for at ein av desse tankarane skal lage eit oljeutslepp ved Finnmarkskysten. Evalueringa er basert på eit verstetilfelle-scenario, der den russiske oljetankaren Adriana går på grunn. Det fører til eit utslepp på 70 000 tonn råolje. Dei norske styresmaktene har auka løyva til oljeverneberedskapsutstyr dei siste åra. Dette har, saman med andre initiativ, redusert sannsynet for eit oljeutslepp, men utstyret er likevel ikkje bra nok til å følgje prinsippet om å drive berekraftig i nord, som eit samla Storting har blitt samde om å følgje. Ein har ikkje nok kapasitet i dag til å handtere ei ulukke som Adriana i Finnmark. To sentrale årsaker til dette er at utstyret er ubrukeleg i 40 prosent av tida på grunn av dårleg vêr og at ein har for lite utstyr. Samarbeidet mellom kommunar, i form av interkommunale utval, og Kystverket er ikkje optimalt i dag. Kommunane er kjernen av oljeverneberedskapen, men det varierer i kva grad dei ansvarlege har nok trening eller nok kunnskap om krisehandteringsplanane. Konsekvensane av ei ulukke som Adriana utanfor Finnmark ville ha vore enorme. Hundretusenvis av fuglar kunne ha døydd, medan fisken og heile det sårbare økosystemet ville ha blitt kraftig råka. Isen og mørket ville ha skapt store problem for saneringsarbeidet, og det hadde svekka kapasiteten til å redusere konsekvensane av utsleppet. Hundrevis av fiskarar ville ha blitt råka, og ein kunne ha sett ei fråflyttingsbølgje frå Finnmark (Finnmarkstatistikken 2009). Russland og Noreg samarbeider godt på miljøfeltet i nord og har laga felles planar for respons på eit oljeutslepp. Det gir eit inntrykk av at dei to landa ville samarbeide godt i dette scenarioet, men at det kunne ha blitt nokre diskusjonar rundt fordeling av oppgåver og skyld i etterkant av ulukka.

Nylig publisert