Crowd dynamics modelling : a literature study

FFI-Rapport 2014

Om publikasjonen

Rapportnummer

2013/03050

ISBN

978-82-464-2331-9

Format

PDF-dokument

Størrelse

2.1 MB

Språk

Engelsk

Last ned publikasjonen
Steinar Børve

Dynamikken til ei menneskemengd er eit interessant, men svært komplekst tema. Observerte fenomen knytt til menneskemengder varierar frå danning av velorganiserte strukturar som fører til kvasistasjonære jamvektstilstandar, til valdelege og turbulente straumar som resulterer i katastrofale hendingar med mange omkomne.

Denne rapporten presenterar ein gjennomgang av vitskapleg arbeid gjennomført dei siste femti åra på temaet dynamikk i menneskemengder. Hovudmålet med rapporten er å få innsikt i modellering av eksepsjonelle hendingar der menneskemengder er involvert, slik som demonstrasjonar og opptøyar. Likevel fokuserer store delar av forskinga som vert skildra det vi kan kalle fotgjengartrafikk eller liknande former for normale fenomen i ei menneskemengd. Dette skuldast dels det faktum at svært mykje av den opne litteraturen på temaet dynamikk i menneskemengder blir dominert av akkurat denne type problem. Men i tillegg er studia av dynamikk i menneskemengder i normaltilstand viktig som eit fyrste steg med tanke på å forstå dynamikken til menneskemengder i meir ekstreme situasjonar òg.

Hovuddelane av rapporten tek for seg klassifisering og skildring av teoretiske modellar av menneskemengder. I tillegg, skildrar ein eigen del relevant eksperimentelt arbeid på området. Denne rapporten markerer fyrste steg mot å utvikle eit nytt verktøy for simulering av menneskemengder som kan nyttast på situasjonar som involverer vekselverknad mellom ei menneskemengd og mindre-dødelege våpen.

Nylig publisert