Analysis of maritime operations - methodology and implementation

FFI-Rapport 2016

Om publikasjonen

Rapportnummer

2015/02248

ISBN

9788246426679

Format

PDF-dokument

Størrelse

644 KB

Språk

Engelsk

Last ned publikasjonen
Marie Drangfelt Mona Sagsveen Guttelvik Johan Aas Sendstad Ole Jakob

Rapporten presenterar samla erfaringsmengd, innarbeida metode og tilhøyrande anbefalingar tileigna gjennom FFI-prosjekt P1200 (Analyse av Maritime Operasjonar) and P1337 (Analyse av Maritime Operasjonar og Øvingar).

Sjøforsvarets auka merksemd rundt øvingar/operasjonar og analyser av desse, har sitt opphav i mellom anna kompleksiteten til nye fartøy og våpensystem, kombinert med ein ambisjon om å kunne optimalisera øvingane tilsvarande. Ei avgjerande hensikt med P1200, og no P1337, er difor gjennomføring av analyser på eit taktisk nivå, og resultata medfører løysingar og anbefalingar – også skildra som «Lessons Identified» gjort om til «Lessons Learned». Begrepet analyse famnar i denne rapporten om alle aktivitetar knytta til dette, og to hovudtilnærmingar vert nytta: Induktiv og deduktiv analyse. Den induktive tilnærminga er meir utforskande i sin natur, og nyttast når interessante og uforutsette hendingar oppstår, og ein freistar å finna mønster og samanhengjar i ukjend terreng. Deduktiv analyse vert nytta når gode hypotesar og teoriar kan opparbeidast i forkant, og førebuingar kan gjerast deretter.

Prosjektet nyttar deduktiv analyse der mogleg, men unnlatar ikkje å analysera induktivt uutforska hendingar som oppstår. Etter å ha vore involvert i ein heil del øvingar, ser me også at enkelte emne går att, og har slik kunna utarbeida detaljerte analysemål deduktivt. Metodologien er delt i tre fasar:

  1. Førebuing av analysen
  2. Under øvinga
  3. Etteranalyse

For den fyrste fasen, i førebuinga av analysen, skildrar me analysegruppa, sjølve planleggjinga av analysen, nedteikning av analysemål, datainnhenting og den overordna analyseplanen. For fase nummer to, under sjølve øvinga, skildrast dei to ulike rollene observatørar innehar under ei øving: Rolla som reine observatørar til hendingane som utspelar seg, samt rolla som datainnsamlarar. For den siste fasen, etteranalysen, skildrar rapporten korleis rekonstruksjon og visualisering av interessante hendingar føregår etter ei øving, kva for verktøy som nyttast (spesielt skildrast analyseverktøyet Fram – eit dataprogram som rekonstruerer og visualiserer hendingar frå øvinga), etteranalyseprosessen i sin heilskap, samt rapportering og presentasjon av resultata for Sjøforsvaret.

Ei betydeleg mengd kunnskap og erfaring er opparbeida i prosjektet gjennom analyser av maritime operasjonar. Samla sett har prosjektet opparbeida avgjerande innsikt i analyse av maritime multi-plattformoperasjonar på taktisk nivå. Dette omfattar ulike aspekt av datainnsamling, analysemetodikk og taktikk, i tillegg til dokumentasjon og visualisering. Spesielt er datainnsamling og -analyse krevjande i høve til datastøtteverktøy og –kompetanse.

Forsvaret kan no dra nytte av FFIs erfaring her for å få auka utbytte av øvingar. Prosjektet har erfart at eit nært samarbeid mellom analysegruppa på FFI og på KNMT/TAS, i samband med rekonstruksjon etter øvingar og identifikasjon av erfaringar, er avgjerande for ein god analyse.

Nylig publisert