Spetsnaz byr på russisk rulett
Kva var – og er – Spetsnaz? I denne podkasten fortel Tor Bukkvoll om den nye boka si, «Spetsnaz – A History of the Soviet and Russian Special Forces». Her dykkar han ned i den fascinerande historia til dei russiske spesialstyrkane.
Boka avslører korleis Spetsnaz blei til som eit mottiltak etter utplasseringa av amerikanske atomvåpen, rett etter den andre verdskrigen. Spetsnaz er ei forkorting for «spetsialnoe naznatsjenie», ein russisk frase som kan omsetjast til «spesielt formål».
Bukkvoll har arbeidd med boka i fire år. I denne studiosamtalen får vi vite kvifor han har valt å gå tett på soldatar og offiserar i Spetsnaz, inkludert historia om ein ekte russisk rulett.
Historia til Spetsnaz
FFI-forskaren har interessert seg for Spetsnaz gjennom heile styrkens historie. Frå dei første forsøka med den då særs hemmelege Kalasjnikov-rifla, der berre eit forsvunne magasin skapte sjokk, til deltakinga i store konfliktar som krigen i Afghanistan og invasjonen av Ukraina. Bukkvoll gir oss eit innblikk i den strenge disiplinen og hemmeleghaldet som kjenneteiknar desse elitestyrkane.
Russisk avhoppar
Det ein russisk avhoppar fortalde 1980-talet gjorde at norske medier ein periode blei veldig opptekne av kva slags aksjonar Spetsnaz eventuelt kunne utføre på norsk territorium.
Forskaren går inn i dei interne konfliktane og rivaliseringane innanfor det russiske militæret, og korleis Spetsnaz ofte er blitt brukt til oppgåver som ikkje heilt har stemt overeins med det opphavlege formålet.
Ein av suksessane til spesialstyrkane er etter Bukkvolls meining erobringa av Krim, medan den mislykka aksjonen til Spetsnaz-soldatane i invasjonsdagane Ukraina i 2022 er eit av dei store nederlaga.
Men historia om denne elitestyrken er langt frå slutt enno.