Biblioteket på Lillestrøm var fylt opp til siste stol då Russland- og Ukraina-ekspert Tor Bukkvoll innleidde og deretter skulle bokbadast om Spetsnaz.
Opptaket frå arrangementet kan du også høyre i denne episoden fra FFI-podkasten UGRADERT.
Sjølv om desse spesialstyrkane blei oppretta så tidleg som rundt 1950, greidde Sovjetunionen i stor grad å halde dei skjult for Vesten til langt ut på 1980-talet. Hemmeleghaldet gjorde at Spetsnaz blei omspunne med ein god del mystikk. I boka løftar Bukkvoll bort mykje av sløret.
Første samla framstilling
Dette er den første samla framstillinga av temaet på engelsk.
Han baserer seg mykje på meldingane frå spesialstyrkens eigne soldatar og offiserar. Her blir vi kjende med kva som skjedde i den spede starten, om rivaliseringa mellom Spetsnaz og andre delar av det russiske militæret og statsleiarars frykt for at styrken kunne bli farlege for dei sjølve. Vi får presentert ei rekkje av dei personane som på ulike vis har påverka utviklinga. Bukkvoll lèt oss også ta del i mange dramatiske hendingar. I ei av forteljingane møter vi til dømes ein Spetsnaz-løytnant som, for å vinne tid i ein kritisk situasjon, utfordrar ein tadsjikisk krigsherre til å spele russisk rulett.
Eit gjennomgangstema er at Spetsnaz gjennom heile historia si trena på og oppfatta seg sjølve som spesialstyrkar, men at dei i krig som oftast ikkje blei brukte til det dei var opplærte i. I staden måtte dei steppe inn og utføre oppgåver den sovjetiske og deretter russiske hæren skulle klare sjølv, men ikkje fekk til.
– Dette er det største stykket arbeid eg har gjort i mitt liv, sa Bukkvoll.
Største arbeid
– Dette er det største stykket arbeid eg har gjort i mitt liv, sa Bukkvoll.
Han fortalde om grunnen til at han skreiv boka.
– Det var ganske enkelt at eg ikkje har funne noko liknande. Folk har skrive om russiske spesialstyrkar basert på opne kjelder, men anten er innhaldet temmeleg gammalt eller så er det nokså kortfatta. Eg har ikkje sett noka fullstendig samanstilling. Det finst mykje litteratur om spesialstyrkar, men mest om dei vestlege. Eg tenkte at det også er behov for å presentere slike styrkar frå land som ikkje tilhøyrer Vesten.
Tre overraskingar
Konferansier Kathinka Bratberg frå FFI spurde kva som hadde overraska han mest under det fire år lange arbeidet.
– Då vil eg nemne tre ting. Den første er at eg i utgangspunktet hadde tenkt at totalitære samfunn som Sovjetunionen, og det Russland vi ser i dag, var slik at det beskjedar nesten berre blir sende frå toppen og nedover. I tilfellet Spetsnaz oppdaga eg at veldig mykje skjedde den andre vegen. Det var ikkje berre ordrar ovanfrå. Idear kom også nedanfrå.
– Det andre poenget tør vere velkjent i dei fleste statar. Dei som skulle bygge opp styrkane hadde fått eit klårt mandat, men dei fekk ikkje alltid pengane og ressursane som trongst.
– Ein tredje faktor, som var ulik det eg hadde førestilt meg på førehand, var den politiske. Spesialstyrkar som Spetsnaz har ei sterk politisk vekt. Det handlar om kvar lojaliteten deira ligg. Dette er ganske vesentleg, sett frå dei styrandes side. Viss det er strid mellom dei ulike fraksjonane i den politiske leiinga i landet, spør toppane seg: «På kva side vil dei vere viss maktkampen spissar seg til?».
Lukka seg
Bukkvoll fortalde at Spetsnaz er eit felles namn på avdelingar som finst både innan forsvaret, KGB/FSB og andre maktinstitusjonar i Sovjetunionen/Russland.
Medan det frå 1990 til 2008 var nokså open informasjon i Russland, også om Spetsnaz, konstaterte Bukkvoll at tilgangen i dag er svært liten.
– Arkiva vil nok halde fram med å vere utilgjengelege ei god stund framover. Tilgang til desse ville ha hjelpt meg, men treng likevel ikkje å ha endra det store biletet.
Skyt og fortel
Han understreka at han ikkje historikar, men statsvitar.
– Likevel hadde eg lyst til å skrive historie. Det finst faktisk eit fagtidsskrift som handlar om spesialstyrkar. Det heiter Special Operations Journal. Redaktøren der sa til meg at bøkene om slike styrkar fell i to kategoriar: Anten «shoot and tell», eller meir akademiske studiar. Eg trur mi bok er midt imellom. Eg har for første gong prøvd å skrive litt spennande. Så det er litt skyt og fortel, ja.
Særleg den siste delen av boka er nyttig for å forstå russisk åtferd i dag, og kva dei er kapable til å gjere mellom anna i hybridkrigføring.
Marinejeger blei riven med
Samtalepartneren under bokbadet var Jostein Mattingsdal. Han er tidlegare marinejeger, og var sjef for dei norske spesialstyrkane i Afghanistan. Orlogskapteinen er i dag førsteamanuensis ved Sjøkrigsskolen, og aktuell med ein ny forskingsartikkel om spesialoperasjonar i Arktis.
Mattingsdal fortalde at han blei riven med, heilt frå første avsnitt i boka.
– Spetsnaz er motparten vår, men boka fortel at dei i mange tilfelle både gjer og tenker på same måte som vi ville ha gjort. Sjølvsagt er det også nokre avvik, ting som vi aldri ville ha funne på. Men særleg den siste delen av boka er nyttig for å forstå russisk åtferd i dag, og kva dei er kapable til å gjere mellom anna i hybridkrigføring.
Frykta Little John
Gjennom den no 75 år lange historia til spesialstyrkane påviser Bukkvoll mange kursendringar. Til publikum på Lillestrøm fortalde han at Spetsnaz blei oppretta fordi russarane frykta Vestens atomtrussel.
– Dette var rett etter krigen. Dei hadde då ikkje noko godt militært svar på USAs planar om å utplassere taktiske mobile atomvåpen i Europa. Nato på si side meinte at Warszawapakta var så militært sterk på det europeiske kontinentet at alliansen trong slike våpen for å motstå åtak austfrå. Leiinga i Moskva var på si side uroa over at dei ikkje hadde langdistansevåpen som kunne slå ut desse mindre atomvåpena, i byrjinga basert på eit rakettsystem som blei kalla «Little John». Løysinga var ein spesialstyrke som kunne ta seg inn langt bak linjene til fienden og øydelegge dei. Dei hadde også andre oppgåver. Likvideringar, mellom anna.
Skjult imperialisme
Bukkvoll fortalde om fleire pussige sider ved Spetsnaz.
– Det var ei offisiell haldning i Sovjetunionen at ein ikkje skulle vere som imperialistane. Militært sett innebar dette til dømes at staten ikkje skulle ha hangarskip og heller ikkje spesialstyrkar. Men dersom dei heldt det hemmeleg at dei hadde slike styrkar kunne dei late som om dei ikkje hadde det, og då var du ikkje imperialist. Etter kvart fekk dei hangarskip òg.
«Hæ? Kven er de?»
Styrkane har i heile historia si opplevd å bli underlagd offiserar som ikkje visste korleis dei skulle bruke dei. Det er mange døme på at særleg hæroffiserar ikkje ante at dei fanst. Så når Spetsnaz-soldatar dukka opp og sa at «vi er spesialstyrkar, og vi skal slåst for deg» var svaret omtrent slik: «Hæ? Dette har eg aldri høyrt om.» Av same grunn blei dei brukte til det det ikkje var trena for, som vakthald, beredskap og spesielt risikable operasjonar av den typen dei ikkje var opplærte til å handtere. Misbruket har ført til at dei nokre gonger er gått på store tap, og hamna i situasjonar der dei aldri skulle ha vore til å byrje med, meiner Tor Bukkvoll.
Vestleg arbeidarklasse
Moskva var oppteken av å utnytte den delen av den vestlege arbeidarklassen som dei trudde hadde sympati med Sovjetunionen. På 1960- og 1970-talet blei språktrening viktig for Spetsnaz: Dei brukte mykje tid på å lære seg vesteuropeiske språk.
Det svake leddet Portugal
Å kjempe mot vestleg kolonimakt var viktig for Sovjetunionen. Å trene opp motstandsfolk i koloniane militært, og i det å gjere opprør, blei ei oppgåve for spesialstyrkane. Dei starta med dei portugisiske koloniane, fordi dei rekna med at Portugal var det svakaste leddet blant kolonimaktene. Etter kvart blei også styrkar frå asiatiske land og Midtausten gjenstand for same trening.
Opprørsskulen
Spetsnaz hadde ansvaret for opprørsskulen som blei etablert på Krym. Hit kom folk frå opprørsrørsler i mange land. Dei fekk trening, og den gav resultat. Ganske mange av dei som stod i spissen for å kaste gamle koloniregime hadde vore på Krym ein periode. Det baud likevel på fleire problem å drive skulen. Mange av dei som kom hadde inga utdanning. Sovjet rekna til dømes at afrikanarar som kom var gode i språka til koloniherrane.
Det synte seg at fleire av dei snakka berre isolerte stammespråk. Det var også motsetningar: Palestinske opprørarar trudde at dei afrikanske medstudentane deira var vaskehjelper. Då dei skjøna at personellet frå Guinea Bissau ikkje var det, forlangte dei høgare status. Dei ville reknast som offiserar, og gjekk til streik. Palestinarane kravde også å få helgefri frå skoleleiren, noko dei andre ikkje fekk. Dette høvet nytta dei til å reise ukontrollert rundt på heile Krym, til stor fortviling for den russiske leiinga.
Trossa Kreml
Dagens leiarskap i Tadsjikistan er eit direkte resultat av Spetsnaz-operasjonar tidleg 90-talet. Leiinga i Moskva hadde avgrensa oversikt over kva som gjekk føre seg i republikken, og gav difor Spetsnaz ubrukelege ordrar. Personellet trassa av den grunn den politiske leiinga i Kreml og forma sjølve ut dei strategiane dei meinte trongst.
Aldri eiga utdanning
Spetsnaz har aldri fått lov til å opprette si eiga offisersutdanning. Dei hadde eit sidefakultet på skulen til luft/lands-styrkane. Her opplevde dei at dei blei dårleg behandla, noko som førte til store konfliktar.
Atom-makrell i ryggsekken
Dei maritime Spetsnaz-styrkane fekk på eit tidspunkt eit eige atomoppdrag. Det handla om at dei skulle kunne øydelegge vestlege hamnefasilitetar med såkalla makrellar. Dette var veldig små atomvåpen, ikkje større enn at ein kunne ha dei i ryggsekken – og dei var forma som ein makrell. Amerikanske spesialstyrkar hadde liknande våpen.
Utnytta ikkje afghansk lærdom
Under Sovjetunionens krigføring i Afghanistan, ein strid dei til slutt gjekk tapande ut av, var desse styrkane likevel dei mest effektive. Nokre av deltakarane oppfattar dette som stjernetida for Spetsnaz. Likevel var det få eller ingen teikn til at lærdommane frå Afghanistan påverka det som skjedde i dei følgjande krigane i Tsjetsjenia. Det var rett og slett ikkje lov å lære noko frå Afghanistan. Dette var fordi sovjetleiinga insisterte på at krigen hadde vore ein sidegeskjeft, noko dei eigentleg ikkje skulle drive med. Det var å rekne som eit slumpetreff at dei var der. Hovudmålet var Nato.
Ein medisinsk delegasjon frå Moskva konkluderte med at maritime spesialstyrkar i arktiske farvatn, det går rett og slett ikkje.
Konstant forkjølte
Spetsnaz hadde ei maritim avdeling på Kola-halvøya som blei nedlagd på 1960-talet. Grunnen var at soldatane blei forkjølte heile tida. Ein medisinsk delegasjon frå Moskva konkluderte med at maritime spesialstyrkar i arktiske farvatn, det går rett og slett ikkje. Spetsnaz opna opp avdelinga att på 80-talet, då med å rekruttere folk frå Murmansk som dei trudde var herda til å tole kulde betre enn andre. Det stemte heller ikkje.
Olje-lytteplattformer
Maritime Spetsnaz-styrkar var aktuelle også for norske område. Dei hadde mellom anna spesifikke sabotasjeoppdrag i tilfelle krig. Då skulle dei gå inn amfibieoperasjonar, klarlegge terrenget og skaffe etterretning før marineinfanteriet kom inn i biletet. Dette inkluderte oljeinstallasjonane til havs. Då oljeeventyret i Nordsjøen starta på 1970-talet skjønte sovjetleiarane at plattformene hadde militær betydning, og at det difor var viktig å slå dei ut. Dei rekna også med at Nato kunne utnytte installasjonane til etterretning mot Sovjetunionen.
SOSUS-jakta
SOSUS var eit ubåtlyttesystem som USA etablerte på 1960-talet. Det var basert på undersjøiske kablar mange stader i verda, også utanfor Noreg. Russarane innsåg at det var vanskeleg å finne kablane på havbotnen. Å øydelegge systemet i tilfelle krig var likevel maktpåliggande. Dei samla difor opplysningar og dreiv etterretning mot datasentera som dei visste fanst på land. Det ville vere ei oppgåve for Spetsnaz å slå ut dei ut. Tor Bukkvoll fortel at han sjølv har fått omvising på eit slik nedlagt datasenter, rett sør for Monterey i USA, medan han heldt på med boka.
Attesten
På baksida av boka har Bukkvoll fått ein attest han likar, frå ein militærteoretikar:
– Han skriv at eg har gitt spesialstyrkane eit menneskeleg ansikt. Vi ser lett for oss at dei som er med i Spetsnaz er temmeleg tøffe og brutale. Ja, det er mykje brutalitet i boka. Men også dei er folk, som alle oss andre. Og like feilbarlege: Det er grunn til å avkle mytane om at dette er nokre veldig sterke menn som klarer alt mogleg.