Bak fasaden: Den skjulte prisen for Russlands krig

Har du nokon gong høyrt om eit land som bruker så mykje pengar på krig at det blir ein heilt vanleg del av kvardagen? Velkomen til ein spesiell podkastepisode, der vi dykkar ned i Russlands krigsøkonomi. 

Forskar Julie Helseth Udal og sjefsforskar Cecilie Sendstad ved Forsvarets forskingsinstitutt har studert korleis Russland på ulike vis har gjort krigen i Ukraina til ein integrert del av den økonomiske politikken sin.

Oppsiktsvekkande funn 

Dei to har nyleg skrive ein kronikk i Dagens Næringsliv der dei avslører nokre  oppsiktsvekkjande funn. Visste du til dømes at ein tredel av det russiske budsjettet for sosiale formål neste år faktisk går til formål som på ulike vis er knytt til militæret? Og at Russlands forsvarsindustri får enorme subsidiar frå staten?

Ofte er ikkje pengebruken direkte synleg for det russiske folket, men dei merkar følgjene.  Sendstad og Udal har brukt heilt opne kjelder. Dei har funne tal som syner at faktiske utgifter til militæret er svært mykje høgare enn kva ein kan lese ut av forsvarsbudsjettet.

Langsiktig effekt 

På overflata er framleis mykje tilsynelatande i god gjenge, med låg arbeidsløyse og stigande lønningar. Putin har også ressursar til å halde på lenge. Men kva blir den langsiktige effekten?

Mykje tyder på at Russland under det noverande regimet er villig til å ofre dagens velferdstilbod og framtidige generasjonars økonomi for å halde oppe krigen. Forskarane peikar på at styringsrenta i Russland er skyhøg, den er allereie oppe i 21 prosent.

I slutten av november vedtok den russiske nasjonalforsamlinga det føderale budsjettet for 2025. Forsvarsbudsjettet skal utgjere ein tredel av budsjettet neste år. Det svarar til 6,3 prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP). Dette er det høgaste nivået registrert i postsovjetisk historie. Til samanlikning utgjorde forsvarsbudsjettet i snitt 2,9 prosent av BNP dei siste tre åra før Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. 

Grensa nådd 

For første gong sidan invasjonen stoppar veksten i dei føderale utgiftene opp i 2025. Dette kan tyde på at grensa for det offentlege overforbruket er nådd. Samstundes ser forskarane at andre samfunnsgode blir nedprioriterte. Dette kjem først og fremst til syne ved eit større kutt i sosiale utgifter, men også ved skatteaukar.

Satsar alt på krig 

I denne podkasten får du høyre meir om korleis Russland har gjort om økonomien sin til å bli ein krigsøkonomi. 

– Store delar av økonomien jobbar no for å understøtte det russiske krigsmaskineriet. Kapasiteten er pressa til det maksimale, med dei følgene det har for både sysselsetting og inflasjon, påpeikar Udal og Sendstad.

Nærbilde av Julie-Udal og Cecilie-Sendstad.
PRISEN FOR KRIG: Forskar Julie Helseth Udal og sjefsforskar Cecilie Sendstad har granska kva krigen mot Ukraina eigentlig kostar Russland.