Sommerpodkast #4: Helene lét lagnaden avgjera studiane
For kjemikar Helene Thorsen Rønning er tredemølle i glasbur og dusj på gangen ein naturleg del av arbeidskvardagen.
Ved FFI er det ei rekkje laboratoriefasilitetar som ikkje finst nokon annan stad i Noreg. Her er det nemleg eit stort miljø som forskar på korleis vi kan handtere, forhindre og verne oss mot CBRNE-hendingar. CBRNE står for kjemiske, biologiske, radiologiske, nukleære, og eksplosive truslar.
Ein av dei som kan aller mest om desse stoffa med stort farepotensiale er Helene Thorsen Rønning. Ho er forskingsleiar for kjemiske truslar og eksplosiv og leier ei gruppe som skal sørge for at vi har eit godt CBRNE-forsvar i Noreg.
– Eg har alltid vore veldig nysgjerrig og lurt på korleis ting er bygd opp. Som liten skrudde eg alltid alt frå kvarandre og sette det saman igjen, fortel Rønning.
Men eigentleg var det heilt tilfeldig at ho enda opp med akkurat dette.
– Eg var interessert i så mykje. Så eg laga ei liste, hadde bind for auga og så kvar pennen trefte. Så då enda eg opp med å studere kjemi.
Det er C-en og E-en i forkortinga, altså dei kjemiske og eksplosive truslane, som Rønning jobbar med ved FFI.
– Vi skal verne oss mot desse truslane, men då må vi vite kva vi skal verne oss mot og korleis vi skal gjere det. Då må vi ha ei teknisk trusselforståing, noko som vil seie at vi må vite korleis stoffa fungerer, kva dei er, kva eigenskapane deira er, og ikkje minst korleis dei kan spreiast, og kva som er aktuelle scenarium for spreiing, forklarer Rønning.
Det er ein jobb som involverer ei rekkje ulike typar laboratorium, og som kjem til nytte for heile totalforsvaret.
– Vi har mellom anna god kunnskap om filter og filtrering. Så vernedraktene som soldatane bruker har vi vore med og testa i anskaffelsprosessen. Og under korona-pandemien testa vi ulike munnbind og masker for helsesektoren, seier ho.
I den tredje episoden av FFIS sommarpodkast kan du bli med Rønning på ein liten tur innom nokre ulike laboratorium ved FFI. Du får også vite kvifor det står ei tredemølle inne i eit glasbur og kvifor det er dusj på gangen.
