Forsvarsanalysen 2025 gir tre gode råd
Forsvarsanalysen 2025 frå FFI teiknar eit bilete av Noregs tryggleik i ei verd som er i stor endring. I denne podkasten fortel to av forskarane bak analysen, Cecilie Sendstad og Espen Skjelland, om dei viktigaste funna og utfordringane. Dei gir også nokre gode råd på vegen.
Krigen i Ukraina held fram, Kina utfordrar stadig meir og det internasjonale samarbeidet blir sett på prøve. Dette landskapet av uvisse skal Noreg navigere i. Forsvarsanalysen 2025 gjer greie for somme av dei utfordringane som forsvarsleiinga no møter.
Sentrale tema
FFIs tre sentrale råd handlar for det første om å forvalte handlefridommen vi har. Den nye langtidsplanen for Forsvaret er ambisiøs, men fleksibilitet er nøkkelen.
– Dette gir Forsvaret stor grad av handlingsrom. Denne fridommen må takast vare på framover. Forsvaret må sikre at planen til ei kvar tid er det beste svaret på utfordringane som Forsvaret møter, og det må kunne prioritere dei mest kritiske områda, seier forskarane.
For det andre må Noreg vera budd på å møte omfattande åtak. Evna til å forsvare oss mot ein potensiell angripar er avgjerande. Her spelar samarbeidet med naboane våre ei viktig rolle.
Samstundes må klima og miljø stå på dagsordenen. I det tredje rådet legg FFI difor vekt på at Forsvaret må ta sin del av ansvaret for å minske utsleppa, og utvide perspektivet til også å ta hand om utsleppa som kjem gjennom kjøp av materiell og tenester.
Fleire utfordringar
Forsvarsanalysen peikar på fleire andre utfordringar. Økonomien er ei kjelde til konstant uro, gjennomføringsevna må styrkast og rekruttering og re-rekruttering av kvalifisert personell er eit stort tema.
Og kva med teknologien? Forsvarsanalysen ser på moglege framsteg som ligg i ubemanna system, langtrekkande våpen og kunstig intelligens. Å vere i forkant av utviklinga og utnytta dei nyaste teknologiane for å styrke Forsvaret kan vere ein god strategi.
Alle kan lære meir
Kva nytte har kvar einskild nordmann av den nye forsvarsanalysen? Den er bestilt av forsvarssjef Eirik Kristoffersen, men rettar seg ikkje berre mot han og dei som er interesserte i forsvarspolitikk. Alle kan her lære meir om kva utfordringar Forsvaret står overfor.
Her i podkasten får du ein god inngang til å forstå ei rekke aktuelle forsvarstema i 2025 betre.