Tysdag 18. februar vart Forsvarsanalysen presentert på Deichmanske bibliotek i Oslo. Analysen får meir merksemd enn nokon gong.
Sjølv om det var midt i vinterferien var foredragssalen i Deichmanske bibliotek heilt full då FFI presenterte årets forsvarsanalyse.
Noregs tryggleik opptek mange, og den årlege forsvarsanalysen frå FFI sørgde for eit fullsett auditorium i Deichmansalen i Oslo sentrum, tysdag 18. februar.
Forsvarssjef Eirik Kristoffersen, som er den formelle tingaren av analysen, lytta også merksamt til presentasjonen. Analysen tek for seg det som FFI-forskarane meiner er dei viktigaste utfordringane, og kva som er mogleg å få til, innanfor Forsvaret.

Skal gi meirverdi
Forskingsdirektør Espen Skjelland ved FFIs avdeling Strategiske analysar og fellessystem opna arrangementet med å understreke at Forsvarsanalysen skal gi meirverdi.
– Formålet med arbeidet er å gi forsvarsleiinga eit betre grep om Forsvarets strategiske utvikling, sa han, og peika på at verdiane består både i større kontinuitet, betre og meir systematisk utnytting av forskingsbasert kunnskap – og meir diskusjon.
Han la vekt på at forsvarsanalysen 2025 er oppteken av balansen mellom Forsvarets oppgåver, struktur og økonomi i den nye langtidsplanen.
Dei viktigaste poenga
Dei poenga forskarane særleg vil ta fram frå analysen er at langtidsplanen som Stortinget vedtok i fjor kan løyse de fleste operative gapa, sjølv om det er problem med gjennomføringsevna.
Dei tre hovudråda i analysen lyder slik:
- Forsvaret bør forvalte handlefridommen sin. Som følge av den usikre utviklinga må Forsvaret ha evne til å justere planen slik at den til ei kvar tid er det beste svaret på den tryggingspolitiske utviklinga.
- Forsvaret bør vidare utvikle konsepta for høgintensiv strid i nord. Dette konseptet må utviklast i tett samarbeid med Sverige og Finland.
- Forsvaret bør ivareta klima og miljø, og utvide perspektivet på klima- og miljøarbeidet sitt.
Realistisk økonomi
Sjefsforskar Cecilie Sendstad understreka at det er viktig å ha ei realistisk tilnærming til dei økonomiske utfordringane som Forsvaret har, og at det er nødvendig å prioritere dei mest kritiske områda.
Når analysen seier at Forsvaret bør utnytte det nye handlingsrommet sitt, peikar den på at dette finst særleg innanfor mange av dei store investeringane. Det inkluderer standardfartøy, val av fregattklasse og tidsfasing av ulike tiltak. I tillegg bør sektoren etablere ei oversikt over dei økonomiske risikoane til den planlagde forsvarsstrukturen innafor drift og investering, og lage ein plan for korleis desse kan handterast.
Sendstad peika også på at det finst mange måtar ein kan effektivisere og modernisere Forsvaret, mellom anna gjennom bruk av ny teknologi.
Balanse og rammer
Forskarane har peika ut sju rammefaktorane som alle vil prege utviklinga framover.
Dei er at uvissa stikk djupt. Russland vil i lang tid ha evne til å gå brutalt fram. Samstundes aukar Natos forventningar. USA på si side legg vekt på integrert avskrekking, og krev meir av forbundsfellane sine. Kina er ein stadig tydelegare utfordrar mot Vesten, medan nordisk avskrekking innafor ramma av Nato får større merksemd. Ein siste og ikkje uvesentleg faktor er at Stortinget har gjort dei økonomiske rammene for Forsvaret langt meir føreseielege..
Presentasjonen blei avslutta med spørsmåla frå publikum, der forskarane fekk høve til å utdjupe funn i rapporten.
