FFI-frokost:

Kva kan Forsvaret lære av krigen i Ukraina?

I november har Russlands krig mot Ukraina vart i tusen dagar. Kva slutningar kan vi trekke om moderne krig, basert på erfaringane frå Ukraina?

Arrangementet fant sted 24. september 2024 i Deichmansalen, Bjørvika

FFIs nye rapport om krigen blei presentert på instituttets frukostmøte i Deichmanske bibliotek 24. september. 

Rapporten fortel korleis konflikten også er blitt eit laboratorium for korleis moderne krigføring kan arte seg. Så vel høgteknologiske våpen som skyttargravene frå den første verdskrigen er faktorar. 
 

Alt er gjennomsiktig

Alle ser alt. Forskar Sverre Diesen siterte ein tidlegare russisk generaloberst. Han har uttalt følgjande:

«I lengda blir flytting, deployering og innsetjing av konsentrerte styrkar nærast umogleg. Alle konsentrasjonar av forband og underavdelingar vil omgåande bli gjenstand for tiltak, og jo meir slagkraftig ein styrkekonsentrasjon er, dess lettare vil han bli oppdaga og trekke til seg alle slags presisjonsvåpen frå praktisk talt kva avstand som helst frå frontlinja.»

– Dette er ei god oppsummering for både denne og kommande krigar, sa Diesen. 

Han la samtidig vekt på at lærdommar frå éin krig ikkje utan vidare kan overførast til alle andre. 

– Vi har i denne rapporten sett spesielt på kva som er overførbart til norske forhold.

Overraska Putin

Diesen sa at krigen overraska både Putin og Vesten.

– Putin undervurderte Ukraina og Vesten, samstundes som han overvurderte russisk militær evne. Vesten feilvurderte på si side dei russiske gevinst/risiko-kalkylane. Russarane er villige til å ta høg risiko og store kostnader for gevinstar som i vestlege auge er avgrensa.

mann i skjorte og dressjakke står bak talerstol på scene og holder foredrag
Sjefsforskar Sverre Diesen legg fram rapporten «Erfaringer fra krigen i Ukraina – læringspunkter etter tusen dager med krig».

 

Fleire lærdommar kan trekkjast ut av det som skjer og har skjedd i Ukraina. Diesen sa at det russiske forsvaret på somme punkt er fundamentalt svakt. 

– Spesielt svake er dei innafor kommando, kontroll og logistikk. Dette reflekterer ei svak side ved den russiske samfunnsmodellen. Den russiske evna til læring og korrigering av feil har såleis systemiske avgrensingar. Dette kan utnyttast av den vestlege strategiske doktrinen. Vi bør samtidig merke oss at russarane vektlegg krigføring mot energiforsyninga. Her er Noreg utsett, både med omsyn til eigne behov og som leverandørnasjon.

Tre offiserar ved FFI tok for seg dei tradisjonelle kampområda land, luft og sjø.

Meir artilleri

Oberstløytnant Geir Karlsen sa at eit viktig læringspunkt frå krigen er det betydelege innslaget av indirekte eld. Både Ukraina og Russland har nytta seg av massive artilleriangrep. Det blir gjort for å svekke forsvaret til fienden og å hindre framrykking. Manøvrar og større bakkeoperasjonar har vike plass for ein artillerikrig. Russarane har spesielt nytta seg av denne taktikken, inkludert bombing av sivile mål. 

– Manglande evne til å samle nok styrker til større offensivar har ført til ein stillstandskrig der artilleri er blitt det dominerande våpenet, sa Karlsen. 

– Denne dynamikken har ført til at begge sider aukar både mengda og rekkevidda av artillerielden. Avanserte, langtrekkande våpen er blitt stadig viktigare. Desse våpena kan råke høgverdimål langt bak linjene til fienden og svekke evnene deira til å føre krig. 

Begge land har auka bruken av slike våpen. 

– Følgjene er høgare tap, både militære og sivile, forlengd konflikt, auka risiko for eskalering og alvorlege etiske utfordringar knytte til bombing av sivile mål. 

Karlsen sa at for Noreg, og andre land som eventuelt kan stå overfor ein liknande situasjon, blir fleire tiltak viktige: å utvikle effektive eldstøtteorganisasjonar, skaffe avanserte våpensystem, vere budd på ein langvarig konflikt og ta omsyn til dei etiske utfordringane som følger med bruken av militærmakt. 

– Konklusjonen er at indirekte eld er blitt ein dominerande faktor i moderne krigføring, og at det er avgjerande å forstå denne utviklinga for å kunne møte framtidige utfordringar.

Den manglande luftkontrollen

Kommandørkaptein André Kosiander innleidde med eit sitat frå den ukrainske generalen Valery Zaluzjny: At kontroll over luftrommet er heilt avgjerande for å vinne krigen i Ukraina. 
– Sjølv om Russland har større luftstyrkar har dei ikkje klart å oppnå dominans i det ukrainske luftrommet. Dette har ført til ein stillstandskrig på bakken, der begge sider utvekslar artillerield frå dei respektive skyttargravene sine, sa han.

Kvifor har ikkje Russland klart det, trass i at dei er overlegne på papiret? Ei årsak er Russlands manglande evne til å gjennomføre komplekse luftoperasjonar, meinte Kosiander. I tillegg har ukrainske styrkar vist seg taktisk dyktige og med god disiplin. Ved å spreie ut styrkane sine og vere mobile har Ukraina gjort det vanskeleg for Russland å oppnå konsentrerte angrep.

– Spesielt har dei slite med å nøytralisere Ukrainas luftvern. Det har vore robust, både frå før krigen og gjennom vestlege donasjonar. Det har vist seg å vere svært effektivt i å nøytralisere russiske luftangrep. Konsekvensane av manglande luftdominans for Russland er klare. Mangelen har ført til ein stillstandskrig, der begge sider er låste i sine posisjonar. Begge sider har vanskar med å oppnå store territoriale gevinstar på grunn av den avgrensa fridommen dei har til manøvrar i lufta. Luftmakt er nøkkelen til å vinne krigen. Ukraina har vist at det er mogleg å oppnå suksess her, sa Kosiander. 

Fem menn står på en scene og ser i kamera
Etter presentasjonen svarte forfattarane av den nye FFI-rapporten på spørsmål både frå salen og frå nettet. Frå venstre forskar Tore Nyhamar, forskar Sverre Diesen, kommandørkaptein Anders Tarlebø Løvik, kommandørkaptein André Kosiander og oberstløytnant Geir Karlsen.

 

Sjøkrig utan eigne skip

Kommandørkaptein Anders Tarlebø Løvik sa at krigen heilt tydeleg har vist at ein marine ikkje treng å avgjere kva som skjer på sjøsida. 

– Ukrainarane har ein nærast ikkje-eksisterande marine. Likevel har dei utøvd stor sjønekting i farvatna sine. Dei har sørgt for at Russland ikkje har fått kontroll over Svartehavet. Dette har Ukraina oppnådd gjennom ein smart og effektiv bruk av landbaserte sjønektingssystem. Svartehavsflåten er sterkt redusert og mindre relevant for korleis krigen går, og ukrainsk korneksport er nesten tilbake på førkrigsnivå.

Løvik meinte nøkkelen til strategien har vore å knytte saman ulike kapasitetar. Det vil særleg seie etterretning, overvaking, lokalisering av mål og oppklaring.

– Dei har også brukt romdomenet. Ubemanna system i luft, på havoverflata og under vatn gir Ukraina høve til å overvake store havområde og utføre målretta angrep mot russiske fartøy. Landbaserte sjømålmissil som Neptune og NSM, avfyrt frå landbaserte plattformer, gir ei stor avskrekking og syner evna til å påføre motparten tap. 

Effektiv bruk av sjøminer har nekta motstandaren tilgang til strategisk viktige område: 
– Russland har prøvd å hindre ukrainsk eksport sjøvegen. Forsvaret av kystlinja har difor vore spesielt viktig for Ukraina.

Overført til norske forhold var Løviks lærdom at den lange kystlinja og den strategiske plasseringa vår gjer oss sårbare for maritime truslar. 

– Vi kan lære av Ukrainas erfaringar. Teknologi gjer effektive landbaserte sjønektingssystem mogleg, sjølv om både klimaet og topografien langs kysten vår er heilt annleis. 
 

Han la til at landbasert sjønekting ikkje erstattar ein sterk marine, men er eit viktig supplement. 

– Det er ei stor utfordring for oss å få det til. Det trengst ei ramme for samvirke som er datadrive, multidomene-orientert og har informasjonsflyt i sanntid eller nær det. Menneske og maskin må også danne team, på menneskets premissar.

Fem trekk ved krigen

Sverre Diesen oppsummerte fem trekk ved krigen som forskarane meiner at Forsvaret bør ha i mente framover:

– Bruken av ubemanna system og plattformer spelar ei større rolle enn før. Like eins endrar nye måtar å kombinere sensorar og langtrekkande presisjonsvåpen balansen på slagmarka.

Det trengst nye konsept for kommando, kontroll og logistikk. Kostbare våpenplattformer, som fartøy og fly, må tryggast mot våpensystem som trugar dei frå lang avstand og som kostar ein forsvinnande liten del av prisen på måla dei øydelegg. Vi må også sjå på balansen mellom tradisjonelle våpen og dei systema som er baserte på elektromagnetisk effekt.

Det kjem meir

Forskingsresultata som eit talrikt publikum fekk høyre om på FFI-frukosten blir tekne vidare: Instituttets mål med prosjektet er å samle og vurdere så mykje kunnskap om Ukraina-krigens militære sider som råd. Dette arbeidet blir del av underlaget for den strategiske forsvarsanalysen 2025. Så følg med!

ffi_frokost_IMG_5593.jpg
Stor interesse for rapporten frå media: P4 intervjuar forskar Sverre Diesen (i forgrunnen), medan Nettavisen snakkar med kommandørkaptein Anders Tarlebø Løvik.