Støtte til Forsvarsdepartementets langtidsplanlegging
Kva kompetanse må Forsvaret ha i åra framover?
Fakta om prosjektet
Oppdragsgjevar
Forsvarsdepartementet (FD)
I dette prosjektet skal vi samordne FFIs innsats på området. Det bidreg til FFIs rolle som strategisk rådgjevar. Arbeidet femner vidt: Det kan ta form både som direkte medverking i prosessar som er i regi av Forsvarsdepartementet eller Forsvaret, og som sjølvstendige studiar ved FFI: Døme kan vere å sjå nærare på nye konsept, gjere analysar og kome med tilrådingar.
I prosjektet jobbar vi særleg med å hjelpe Forsvarsdepartementet i det vedvarande arbeidet med langtidsplanen (LTP). Det gjer vi ved å forvalte og utvikle porteføljen av scenario. Forskarane våre vil gjennomføre scenario-, struktur- og gap-analyser.
I prosjektet vil vi spele inn analysegrunnlag for Strukturutviklingsplanen (SUP) i Forsvaret. Vi vil også medverke til metodeutvikling for LTP.
Vi tek del i internasjonal forsking på feltet. Det gjer vi mellom anna gjennom Nato og ved å ha hand om Lead Nation-rolla i eit Smart Defence-prosjekt innanfor LTP.
Ved behov vil vi også vere med og utarbeide nye langtidsplanar og fagmilitære råd. Vi skal ha kapasitet til å gi løpande støtte til problemstillingar som dukkar opp.