Violent islamism in Turkey - an overview
Om publikasjonen
Rapportnummer
2013/01230
ISBN
978-82-464-2245-9
Format
PDF-dokument
Størrelse
1.8 MB
Språk
Engelsk
Denne rapporten er ein førebels studie av valdeleg islamisme i Tyrkia. Målet er at rapporten kan
fungere som eit startpunkt for vidare forsking.
Valdeleg islamisme vaks fram på 1980-talet i Tyrkia. Sidan då har ei lang rekke åtak av særs ulik
storleik og karakter blitt gjennomført av valdelege tyrkiske islamistar. Desse blir presenterte i ein
kronologi i rapporten. Fire organisasjonar blir trekt fram som mest sentrale i denne perioden, her
omtalte som al-Qaida, Hezbollah, IBDA-C og the Caliphate State. Desse fire har ulike
ideologiske grunnlag, typiske mål og måtar å organisere seg på, men er alle sunnimuslimske,
kritiske til den sekulære organiseringa av Tyrkia og står bak planlegging av og gjennomføring av
valdelege åtak. Fleire av organisasjonane har samarbeida på ulike tidspunkt, og fleire medlemer
har valt å skifte organisasjonstilknyting.
Delar av aktiviteten til desse rørslene finn stad på internett, både gjennom tradisjonelle internettsider
og gjennom meir sosiale media, som forum og Facebook. Eit kapittel av rapporten er via til
tyrkiskspråkleg internettaktivitet og viser døme på korleis ulike valdelege islamistgrupper
presenterer seg sjølv og kommuniserer på internett. Til slutt inneheld rapporten ein bibliografi.
Denne er ei liste over kjeldene som er brukte i denne rapporten, men inneheld i tillegg meir
litteratur som kan vere relevant for dei som skal forske vidare på valdeleg islamisme i Tyrkia.