Trøndersk undervassteknologi kan hjelpe Nato

Ein norskutvikla, avansert undervassfarkost og ein kompakt sonar som gjengir objekt tredimensjonalt er no blitt del av ei Nato-satsing. Det handlar om innovasjonane til to naboar i Trondheim.

Vi er på Karljohansvern i Horten. Folk frå forsvar, departement og forsking er møtte fram for å få demonstrert to teknologiske nyvinningar. Begge er utvikla i Trondheim, av to firma som held til vegg i vegg i trønderhovudstaden.

Den eine innovasjonen er 3D-sonaren til Water Linked. Det andre er den autonome BlueSTAR frå Skarv Technologies.

Nato DIANA

Demonstrasjonen i Horten var eit ledd i Natos teknologisatsing Nato DIANA.

DIANA står for Defence Innovation Accelerator for the North Atlantic. Dette er ein ny aktivitet innanfor Nato-samarbeidet.

Forsvarsdepartementet representerer den norske deltakinga, med FFIs ICE worx som nasjonalt testsenter for programma.

Her finn du oppdatert informasjon om programma.

DIANA har også ei eiga Linkedin-konto. 

Informasjon om DIANA finnes også på Forsvarsfondets nettsider

Nyutvikla farkost

På fagspråket er sistnemnde omtalt som ein AUV. Det står for Autonomous Underwater Vehicle.

BlueSTAR har fleire propellar og ei rad innebygde sensorar. Produktet har ein smekker profil, tilpassa sterke straumar. Trass i namnet: Prototypen er gul. Videokameraet med svært høg oppløysing er den viktigaste delen om bord under dagens demonstrasjon.

Bildet er tatt på dekket av en båt. Vi ser bakover på skummende hav i båtens kjølvann. På dekk står en mann i gul og blå kjeledress på huk mens han jobber med en gul, liten undervannsfarkost.
På tokt med BlueSTAR nord for Horten. Den lange leidninga gjer det råd å følge farkosten og få direktebilde på skjerm.

Norsk sikt krev sonar

Ein viktig sensor om bord i slike AUV-ar kan bli ein 3D-sonar.

Water Linked-sonaren publikum får sjå i Horten kan avbilde gjenstandar i det mest grumsete vatn, og syne dei tredimensjonalt. Slik kan ein enkelt snu og vende på mistenkelege objekt på dataskjermen.

Eit viktig poeng med ein slik er kor langt du ser: Om du tek på deg snorkel og maske og dukkar under vil du som regel ikkje sjå veldig langt. Norske farvatn kan i så måte ikkje konkurrere med det klåre vatnet i til dømes Middelhavet. Særleg i hamneområde er det mange partiklar i vatnet. Kanskje forsvinn all sikt på berre nokre meters avstand. Difor er det eit viktig poeng at ein AUV til profesjonell bruk ikkje kan basere seg berre på kamera, slik undervassdronane tradisjonelt gjer. Sonar må til.

Ole Iver Skisland fra Waterlinked viser fram sonaren selskapet hans har utvikla.
Ein sonar treng ikkje å vere større enn dette. 3D-løysinga til Water Linked kan monterast på fleire typar farkostar, forklarar Ole Iver Skisland fra Waterlinked.

 

3D-sonaren frå Water Linked kan monterast på alle typar fartøy, både førarlause av typen BlueSTAR, båtar og på andre einingar.

Den vesle sonarboksen kan gi klåre avbildingar av ting opptil 15 meter unna. Om det krevst, kan han nyttast ned til 300 meters djup, for på sjå kva som skjuler seg der. Så langt nede er det alltid mørkt som svarte natta. Ønsker operatøren å sjå nøyare på interessante objekt her har farkostar som BlueSTAR innebygde lys og videokamera. 

Køyrer av seg sjølv

BlueSTAR er programmert til å automatisk gå langsmed botnen og følgje topografien, og den kan fotografere med høg oppløysing.

Teknologi-oppdaterte lesarar vil her tenke: «Liknar ikkje slik datainnsamling på det som Hugin gjer?». Jau, den FFI–utvikla og stadig meir raffinerte Hugin arbeider prinsipielt på same vis. I begge tilfelle er det snakk om autonome farkostar utstyrt med ei rekke avanserte sensorar. Det er likevel tre store skilnader mellom Hugin og BlueSTAR: prisen, storleiken og bruksområda. Den Kongsberg-produserte Hugin kan fort koste ein tresifra millionsum. Den må ha sin eigen konteiner for transport. Den store, torpedoforma AUV-en kan ha ei vekt på eit tonn og meir. Den må handterast med kraner og hydraulikk. Det tek med andre ord mykje tid og omfattande planlegging å gjere ein Hugin klar for oppdrag.

Fartøyet som blir vist fram i Horten er til samanlikning veldig enkelt å sette i arbeid.

Kart over tid

Eit viktig poeng med BlueSTAR: Kombinasjonen av farkost, sensorar og programvare gjer det mogleg å produsere undervasskart i stor oppløysing, og gjenta tokt heilt presist. Slik blir det råd å overvake sensitive område over tid. Ein samanlikne karta frå to tidspunkt, og raskt sjå om det er skjedd endringar. I forsvarssamanheng kan det til dømes handle om å påvise nyleg utlagde miner.

Lett og billig

Når den ferdige BlueSTAR etter planen kjem på marknaden, sannsynlegvis i slutten av året, er det minimalt med handtering som må til for å bruke han. Ein opplært operatør kan programmere, sleppe farkosten i sjøen og la den segle på eiga hand i opptil eit døgn. Vekt og omfang er som ein koffert. Det gjer den lett å handtere.

Ulikt Hugin kan denne AUV-en brukast i veldig grunne farvatn. Sjølv om prisen også på ein slik bikkar millionen, har til dømes Forsvaret eller fiskeoppdrettarar råd til å utstyre seg med fleire slike. Med mange tilgjengelege eksemplar blir det god kapasitet til å gjere presise undersøkingar under vatn.

Interessant for Diana

Både AUV-en og sonaren frå Trøndelag har no passert eit første nålauge i Natos teknologisatsing Diana. Bokstavane står for The Defence Innovation Accelerator for the North Atlantic. Det er eit Nato-program for å fremme innovasjon i forsvarssektoren saman med sivile aktørar. Av 1300 søkarar frå heile alliansen er 44 komne vidare til den andre runden av Diana. To av dei er altså norske. Og tilfeldigvis var dei naboar. 

Jakta på kula

Ein del av demonstrasjonen i Horten handlar om korleis ein ut frå store søkesveip kan kikke nærare på interessante objekt. I Holmestrandfjorden har eit tidlegare Hugin-tokt funne ein kuleforma gjenstand. Sonarbildet syner at denne kula ligg på botnen, på rundt 40 meters djup. Det er verdt å ta ein titt.

Vi legg ut med båt, og set kursen nordover frå Horten. Målet er å søke ut frå den posisjonen Hugin har påvist. Skipperen og medarbeidarane frå Skarv Technologies definerer eit leiteområde på 100 x 100 meter rundt dette punktet. BlueSTAR blir sleppt ut i vatnet. Med ein kjapp skumsprut frå propellane forsvinn AUV-en loddrett ned i djupet. Den er no utstyrt med ein kabel til overflata. Slik kan vi følge med i leitinga.

Diverre bles det litt for friskt denne dagen. Båten får avdrift. Den flate sandbotnen gir for lite ankerfeste. Det næraste vi kjem å finne noko med rund form er dei knivskarpe bilda vi får opp av eit bildekk.

AUV-kameraet fangar dessutan opp fleire teiner, som vonleg ikkje driv med spøkelsesfiske. Men kula vi såg etter, den får ligge og vente på å bli studert ein annan gong.

3D grafikk av et anker, basert på sonardata.
Slik kan eit avansert ekkolodd-bilde av ankeret til høgre ta seg ut når 3D-sonaren til Water Linked kartlegg det. Skjermdump: Waterlinked

Nøgd politikar

Mellom gjestane på demonstrasjonen i Horten er statssekretær Marie Lamo Vikanes (Sp). Ho ser kva slik teknologi opnar for i Forsvaret: Med ein AUV som denne kan ein til dømes kartlegge farar og krevjande botnforhold i detalj, raskare og tryggare enn nokon dykkar er i stand til.

– Det er imponerande at Skarv Technologies og Water Linked kom gjennom eit nålauge i konkurranse med over tusen verksemder, og blei selekterte til å delta i Diana-programmet. Det er viktig å få sivil sektor og forsvarssektoren til å snakke godt saman. At FFI her har fått samla både dei og brukarmiljøa i Forsvaret er eit godt døme på det. Slik er det lettare å melde tilbake om behov dei ser, og kva som kan vere mogleg å utvikle vidare, understrekar Vikanes.

En politiker og en forsker står med hvert sitt pappfat med grillpøse på. Foran dem står en trale med en liten, gul undervannsfarkost.
Ei pølse og ein prat: Tore Mo-Bjørkelund i Skarv Technologies fortel statssekretær Marie Lamo Vikanes meir om den trønderske AUV-en.

Overraska

Leiarane Oliver Skisland i Water Linked og Trygve Olav Fossum i Skarv Technologies var begge overraska over at det var sin næraste nabo som blei vald ut.

– For oss har Diana opna fleire dører inn mot forsvarssektoren allereie, seier Skisland.

– Å kome i kontakt med dei rette personane er elles noko ein kan bruke forferdeleg mykje tid på.

Han legg vekt på at selskapet er godt etablert frå før. Dei har ordrar på 3D–sonaren frå 38 land.

– Vi har ti år bak oss, tener pengar og er meir ein scaleup enn ein startup. Elles veit vi jo at små selskap har lett for å velje bort forsvarssektoren. Det handlar om det kjente fenomenet «dødens dal». Dei ikkje har tid og råd til å vente på eventuelle avtalar.

Skarv Technologies starta med at fire doktorgradsstudentar innanfor undervassautonomi slo seg saman.

– I denne samanhengen såg vi på om det var råd å konstruere billigare og smartare farkostar til slik bruk, inkludert betre metodar for datafortolking. No har vi gjennom FFI fått sjansen til å sjå korleis vi kan tilpasse denne teknologien til forsvarsbehov, seier Trygve Olav Fossum.

To stjernedøme

På kaia i Horten vankar det mange spørsmål til dei tilsette i selskapa. Det er stor interesse for korleis Forsvaret kan få nytte slike system. I så måte er Water Linked og Skarv Technologies stjernedøme på det FFI ønsker seg meir av. 

 – Det er veldig viktig å vere del av det som skjer no, seier seniorrådgjevar Line Thorsberg i FFIs avdeling Innovasjon og industriutvikling – betre kjent som I2.

– På den eine sida treng vi å vere oppdatert på kva industrien har av ny teknologi. På den andre sida kan vi hjelpe til, basert på FFIs kunnskap og erfaring, slik at teknologien kan bli endå betre for sluttbrukarane i sektoren.