Oppdrettsanlegg er upåverka av dumpa ammunisjon

Godt nytt for oppdrettsfisk: Ei ny FFI-undersøking syner ingen spor av eksplosiv i oppdrett som ligg nær dumpefelt.

En brønnbåt henter fisk ved et oppdrettsanlegg.
OPPDRETT OG DUMPA AMMUNISJON: FFI har undersøkt fem oppdrettsanlegg i nærleiken av område med dumpa ammunisjon. Rapporten viser at fisken i dei fem anlegga som blei undersøkte ikkje var påverka av eventuelle lekkasjar. (Illustrasjonsfoto: Flickr / Norsk Havbrukssenter)

Dumpa ammunisjon kan lekke. Det har vore ei uro knytt til at stoff frå slik dumping kan hamne i oppdrettsfisk. No har FFI-forskarar undersøkt fem oppdrettsanlegg nær dumpefelt, på jakt etter spor av stoff frå ammunisjonen. 

– I ei tidlegare undersøking «Påvirkes fisk og skalldyr av dumpet ammunisjon? – en undersøkelse i fire dumpefelt for krigsetterlatenskaper av fisk og skaldyr fanga i dumpefelt for ammunisjon», fann vi restar av eksplosiv i alle dei lokalitetane vi undersøkte, fortel sjefsforskar Arnt Johnsen ved FFI. 

– Derfor var vi uroa for at oppdrettsanlegg etablert nær slike dumpefelt for ammunisjon også kunne vere utsette for stoff frå dumpa ammunisjon.

Samarbeid med Mattilsynet 

FFI samarbeidde med Mattilsynet om å plukke ut fem oppdrettsanlegg som ligg nær slike felt. Dei aktuelle anlegga låg i Nedstrandsfjorden i Stavanger kommune, Voldsfjorden i Volda kommune, Botnfjorden i Leirfjord kommune, Ofotfjorden i Narvik kommune og Malangen i Malangen kommune. 

Dette er del av FFI-prosjektet «Krigsetterlatenskapers lokalisering og risiko». 

– Resultata vi fekk er med andre ord gledelege. Dei syner at det ikkje er spor av eksplosiv i nokon av prøvene frå dei fem undersøkte anlegga. Det vil seie at det i dag ikkje ser ut til å bli transportert eksplosiv-tilknytte stoff frå den dumpa ammunisjonen og inn i oppdrettsanlegga.

Portrett av Arnt Johnsen
GLEDELEGE RESULTAT: FFIs undersøkingar syner at det ikkje er av spor av eksplosiv i nokon av prøvene frå dei fem undersøkte oppdrettsanlegga, fortel sjefsforskar Arnt Johnsen.

Uviss framtid 

På lengre sikt er bildet meir usikkert. Johnsen seier at det ikkje er kjent kva status den dumpa ammunisjonen i dumpefelta har. 

–  Basert på funn som er gjort på grunnare vatn kan korrosjonen ha kome så langt at eksplosiva delvis er blottlagde. Ved tidlegare kartlegging av fisk og skaldyr i dumpefelt blei det funne spor av eksplosiv i alle, fortel han. 

Kopar frå ukjent kjelde 

Dumpefelt lokalisert i Botnfjorden/Leirfjorden i Nordland og i Malangen i Troms er med i både den tidlegare og den nye undersøkinga. Her er det no ein viss lekkasje av eksplosiv frå den dumpa ammunisjonen. Desse er det likevel ikkje funne spor av i oppdrettsanlegg like ved. 

–  I eitt anlegg vi undersøkte blei det likevel registrert eit noko auka nivå av kopar. Vi fann koparen i fiskefiletar vi undersøkte. Sannsynlegvis kjem ikkje metallet frå dumpa ammunisjon, sidan det i sedimenta rundt anlegget ser ut til å vere normale konsentrasjonar av kopar. Eigaren av anlegget kjenner ikkje til kjelder som gir ekstra eksponering. Mattilsynet er varsla om kva anlegg det gjeld. Vi har tilrådd at det ved neste prøvetaking blir gjort ein ny analyse av kopar i fiskefilet, seier Johnsen.

Bly, kvikksølv og nitroglyserin 

Det er framleis god grunn til å sjekke forholda rundt dumpefelt. I rapporten frå 2021 viste at fisk og skaldyr i eit utval av slike felt var forureina med eksplosiv og bly. Undersøkinga var den første av slaget sitt i Noreg. Den kartla omfanget av eksponering og risikoen ved konsum av sjømat frå desse områda. 

Undersøkinga omfatta den gongen desse fire dumpefelta: Malangen, Skjerstadfjorden, Botnfjorden/Leirfjorden og Øygarden. Fisk og skaldyr fanga i desse områda blei analyserte for spor av ammunisjonsstoff. 

Her blei nitroglyserin funne i høgast konsentrasjon, med 20 mg/kg våtvekt i brunmat frå trollkrabbe i Øygarden dumpefelt. Eksplosiv blei derimot ikkje påviste i fiskemuskel, klokjøtt eller rekekjøtt. 

Nivået av kvikksølv i brosmemuskel var høgare enn grenseverdien. Dette blei knytt til generell kvikksølvforureining langs norskekysten, ikkje til ammunisjonsdumping. 

Innførte forbod 

FFIs tilråding frå denne undersøkinga blei følgt opp av styresmaktene: å etablere forbodssoner for fiske i og rundt dumpefelt for ammunisjon. 

–  Forbodet har to omsyn: både tryggleiken, fordi det er fare for detonasjon, og forureining av sjømat, avsluttar Arnt Johnsen.