Mjøsa inneheld store mengder ammunisjon

Offisielt skal rundt 200 tonn ammunisjon ha blitt dumpa i Mjøsa. Ein ny FFI-rapport seier at mykje meir hamna på botnen. Delar av dette materialet utgjer ein risiko.

et haleror fra et Sindwinder missil fotografert under vann
Haleroret til Sidewinder-missil. Rundt tusen slike finst på eit avgrensa område i Mjøsa, alle blei skotne ut frå land sør for Skreia. (Foto NTNU)

Mjøsa har vore eit sentralt dumpefelt for våpenfabrikken på Raufoss, truleg heilt sidan Rødfos Patronfabrik og Krudtverk blei grunnlagt i 1896.

Det kom ein nær sagt eksplosiv vekst i dumpinga etter siste krig. I FFIs nye rapport skriv forskarane at det rapporterte volumet på mellom 110 og 215 tonn neppe er i samsvar med mengdene som faktisk er hamna i Noregs største innsjø.

Om undersøkingane

Hausten 2021 fekk Forsvarsdepartementet (FD) pålegg frå Miljødirektoratet om å gjere ei arealavgrensing av områda med dumpa ammunisjon i Mjøsa.

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) fekk i oppdrag av Forsvarsdepartementet å kartleggja områda med dumpa ammunisjon i Mjøsa.

Kartlegginga vart gjennomført med FFIs autonome undervassfarkost «HUGIN HUS» med bidrag frå FFIs autonome overflatefarkost «Ratatosk» i perioden 7.–19. november 2022

Så dumpar vi i Mjøsa

Dumpinga var på ingen måte hemmeleg. Dette visste folk om. FFI-rapporten gjengir ein faksimile av ein oppstemt sommarreportasje. Den sto på trykk i Gjøvik-avisa Samhold fredag 30. juli 1965. Signaturen «Sør» fortel om ein tur med Raufoss Ammunisjonsfabrikkers båt. «For å finne den rette dumpeplassen tok vi peiling på kirkespiret på Stange kirke i øst, og Panengbrygga i vest, og pynten på Balkelandet i sør.»

Fire avisutklipp som dokumenterer dumping av ammunisjon i Mjøsa.
Avis-faksimiler som er gjengitt i FFI-rapporten syner at dumpinga var godt kjent lokalt. Dei to i øvste rad er frå avisa Samhold (Gjøvik) høvesvis 1961 og 1965. Nedst til venstre faksimile frå Samhold 9. april 1969. Klippet nede til høgre er henta frå Toten blad, 21. mai 1988.

Journalisten rapporterer kva som skjer i båten: «Kasse etter kasse med granater ble sjauet om bord. Vanligvis blir det om lag 10 tonn om dagen. Men alt avhenger av været på Mjøsa. To dager på forsommeren i strålende vær forsvant 36  tonn ammunisjon på to dager.»

Artikkelen fastslår at dette er rutine: «Blant turistene ved Panengen vekker denne transporten oppmerksomhet, mens det for de fastboende hører med til ukens bilde om sommeren.»

Avslutninga handlar om tidlegare transportar «med gamle og ærverdige ‘Kvikken’. Som man vil huske hadde Erik Bye opptak med Brede Gulliksen om ‘dumping’ av ammunisjon i et av sine festlige ‘Vi går om bord’-programmer.»

Hugin og Ratatosk på tokt

På oppdrag frå Forsvarsdepartementet har FFI kartlagt botnen i dei mest aktuelle områda. I november 2022 var instituttets mest effektive sporhund på jakt etter gamle synder: FFIs undervassfarkost Hugin HUS kunne levere detaljerte data om det som finst under vassflata i Mjøsa. Den autonome båten Ratatosk kartla operasjonsområdet. Dette var naudsynt fordi botntilhøva for store delar av Mjøsa ikkje var godt nok kartlagt til å planlegge operasjonane.

 

Ti gonger større

Kva blei dumpa? Rapporten nemner handvåpenammunisjon, brannrøyr, panservernrakettar, bombekastarammunisjon, tennmiddel og hylser. Dei største mengdene stammar frå perioden 1940 til 1970. Over tusen Sidewinder-rakettar frå 1960-talet er påvist . Mange av dei står som piler ned i botnen på Stange-sida av Mjøsa, som resultat av prøveskytingar frå Skreia-området.

I eit stort område utanfor Totenvika er det funne mykje materiale. Det sju kvadratkilometer store dumpefeltet er ti gonger større enn det Raufoss Ammunisjonsfabrikk hadde merkt av i karta sine.

– Årsaka til dette avviket er at dumpinga starta allereie kort tid etter at ein forlét kaia, mest sannsynleg for å bli fortare ferdig med arbeidet, skriv forskarane Petter Lågstad og Arnt Johnsen, og legg til:

– Dette er oppførsel ein er godt kjent med frå andre, liknande operasjonar. Det faktiske dumpefeltet er dermed like stort som somme dumpefelt i sjøen. Området kan vere endå større, sidan vi ikkje har kartlagt grunnare enn 50 meter.

FFIs funn:

Totenvika

Kartlegginga viser at det er dumpa ammunisjon i eit stort område utanfor Totenvika, rundt rekna i eit areal på 7,1 km2. Dette er nesten ti gonger større enn dumpefeltet avmerkte i kart hos Raufoss Ammunisjonsfabrikk (RA). Området kan vere endå større fordi vi berre har kartlagt botnen i område djupare enn 50 meter.

Kart som viser områder i Mjøsa der det er funnet duumpet ammunisjon.
Oversikt over området med dokumentert dumpa ammunisjon (blått felt), det kjende dumpefeltet (raudt) og område med Sidewinder-missil (grønt).

Ferjeleiet Gjøvik Mengshol

Dumpefeltet mellom Gjøvik og Mengshol strekkjer seg sannsynlegvis over området frå ferjeleie til ferjeleie. Det kartlagde området antydar at dumpefeltet er på 0,11 km2, hovudsakleg i skipsleia til ferja mellom Gjøvik og Mengshol. Om vi trekkjer dumpefeltet heilt inn til ferjekaia på begge sider, noko som er sannsynleg, vil dumpefeltet ha eit areal på ca. 0,31 km2.

ffi_dumping_kart_ferja.JPG

Skytefelt

I nedslagsområdet til skytefeltet med Fjellhaug som standplass, observerte vi mange Sidewinder-missil. Desse er mest sannsynleg skote ut frå Fjellhaug standplass og ligg i eit område med storleik på omkring 1,3 km2 aust for dumpefeltet utanfor Totenvika i Stange kommune. (Grønt felt i kartet øvst)

Rett frå ferjedekket

Eit anna dumpefelt låg lenger nord, tett på Gjøvik sentrum. Det dreier seg om det gamle ferjestrekket mellom Gjøvik og Mengshol. Frå bildekket blei det tippa store mengder materiell. Ein kan spørje seg korleis tryggleiken for passasjerar og mannskap eigentleg var under desse transportane.

Kart som viser dumpefelt langs ferjeleie i innsjøen Mjøsa.
Langs heile ferjeruta mellom Mengshol og Gjøvik blei det dumpa, gjerne frå bildekket medan ferja var i ordinær passasjertrafikk. Dei kvite prikkane på sonarbildet til venstre er ammunisjonskasser.

I eit godkjenningsbrev frå Sprengstoffinspeksjonen i januar 1959 er det tydeleg at ferjas kaptein har gitt uttrykk for liknande tankar. Den statlege etaten svarar slik:

«Kapteinen ønsker garanti for at det ikke vil skje noen skade på båt eller mannskap under dumpingen. En slik garanti er det selvsagt umulig å gi. Det er så mange momenter som spiller inn under behandling av sprengstoff at en alltid må regne med at noe kan skje. Men under iakttagelse av vanlige forsiktighetsregler skulle det ikke innebære nevneverdige faremomenter å dumpe spesielle typer ammunisjon og sprengstoff. Sprengstoffinspeksjonen vil således ikke ha noe å bemerke til at ammunisjonskomponenter uten initieringsmidler og avfall fra hovedfyllingen i granater blir dumpet fra fergen.»

Det aktuelle dumpefeltet strekker seg truleg frå ferjeleie til ferjeleie, altså heilt inntil strandsona i begge endar. Rapporten tilrår at det her blir oppretta eit fareområde med ein tryggingssone til dei kartlagde dumpeområda.

– Slik sikrar ein at det ikkje blir gjort arealinngrep i området, noko som i verste fall kan føre til at ammunisjon detonerer og at forureining frå ammunisjonen vil spreie seg, skriv forskarane.

Rapporten går ikkje inn på kven som eventuelt skal etablere fareområdet. Generelt gjeld ein regel om at arealinngrep i slike sonar krev god kartlegging, slik at eventuell ammunisjon kan fjernast. Utbyggaren har ansvaret for kartlegginga, medan Forsvaret står for destruksjonen.

FFIs tilrådingar

Ut frå ei totalvurdering tilrår FFI at ammunisjonen får liggje i ro der han er. Ammunisjonen er allereie delvis dekt av sediment, og denne prosessen vil halde fram og gradvis redusere spreiinga av forureininga. Dette ser vi i dag ved at det ikkje kan påvisast spor etter eksplosiv i vassmassane. Vi meiner derfor at det ikkje er behov for å setje i verk tiltak. Eventuelle tiltak kan føre til at forureininga blir spreidd, og samtidig utgjere ein tryggingsrisiko. Det vil heller ikkje tilrådast ut frå eit samfunnsøkonomisk eller berekraftig perspektiv.

FFI tilrår at forureininga i dumpeområdet utanfor Totenvika blir kartlagd. Her er det ikkje tidlegare gjort målingar, så ei kartlegging vil dokumentere forureiningsnivået her. Basert på desse resultata bør ein vurdere i kva grad det er behov for framleis overvaking av dumpefeltet. Om forureiningsnivået er på same nivå som dumpefeltet utanfor Gjøvik, vil det ikkje vere behov for ordinær overvaking. For å følgje med på tilstanden i dumpefeltet, meiner vi at prøvetaking med 10–20 års mellomrom vil vere tilstrekkeleg.

La det ligge

Kva med resten? Vurderinga er at ammunisjonen bør få ligge i ro der den er.

– Den er allereie delvis dekt av sediment. Prosessen vil halde fram og gradvis minske spreiing av forureining. Vi ser det i dag, ved at det ikkje er påvist spor etter eksplosiv i vatnet. Eventuelle tiltak vil kunne føre til at forureininga blir spreidd, og samstundes utgjere en tryggingsrisiko. Det vil heller ikkje bli tilrådd ut frå eit samfunnsøkonomisk eller berekraftig perspektiv. Vi meiner difor at det ikkje er behov for å sette i verk tiltak, heiter det i rapporten.

ffi_petter_arnt_IMG_3490.jpg
FFI-forskarane Petter Lågstad (til venstre) og Arnt Johnsen har skrive rapporten om dumpinga i Mjøsa. Foto Lars Aarønæs, FFI.

Kunnskap for framtida

FFIs kartlegging av Mjøsa har gitt viktig ny innsikt i omfanget av ammunisjonsdumpinga i innsjøen. Denne kunnskapen er naudsynt for dei som framover skal handtere forureininga.

Videoen viser nærbilete av ammunisjonskasser som HUGIN fann på botnen av Mjøsa under kartlegginga i november 2022. Video: Blueye robotics, NTNU, FFI.