Forsvaret har ei geografisk utfordring
Langtidsplanen legg opp til at Forsvaret skal bli større i distrikta. Dette står i sterk kontrast til sentraliseringa av samfunnet og preferansane til fleire av dei militært tilsette. Kva må til for å lykkast med oppbemanninga?
Forsvaret er ikkje som andre verksemder. Det kan ikkje utan vidare sentraliserast til dei store byane i Noreg. Tvert imot: Heile 43 prosent av militære stillingar er i område som Statistisk sentralbyrå klassifiserer som lite sentrale.
Det er fleire fordelar ved at personellet er busett i nærleiken av tenestestaden. To nye rapportar frå FFI viser at mange forsvarstilsette likevel vel å bu langt unna arbeidsplassen sin.
Tre forskarar ved FFIs avdeling Strategiske analysar og fellessystem har sett nøyare på mønstera bak: seniorforskar Petter Y. Lindgren, forskar Erlend U. Nordvang og sjefsforskar Torbjørn Hanson. Alle har bakgrunn som samfunnsøkonomar.
– Vi ville vite meir om geografisk mobilitet blant militært personell, og kva preferansar det same personellet har, fortel dei.
Den geografiske utfordringa
Fotavtrykket til Forsvaret på avsidesliggande stader vil vekse: Det skal auke nærværet sitt ved tenestestader i distrikta, i tråd med oppbemanninga som den nye langtidsplanen for Forsvaret legg til grunn. Kort sagt: Det trengst fleire villige og helst bufaste hender, spesielt nordanfor.
Nesten 30 prosent av dei militært tilsette pendlar allereie i dag til jobben, særleg blant dei som tenestegjer i Nord–Noreg og Trøndelag.
– Samtidig søkk den andelen av befolkninga som bur i dei minst sentrale kommunane i landet. I dag har berre 14 prosent av befolkninga fast adresse her. Med andre ord: Gapet veks mellom kvar folk vil bu og dei geografiske behova til Forsvaret, seier Erlend Nordvang.
Sentralt, sentralt
FFI–rapportane fortel at jo meir sentralt personellet bur, jo oftare vel dei å pendle til tenestestaden. Offiserar vekependlar meir enn spesialistar, og menn oftare enn kvinner. Hæren har flest pendlarar i tal, men tilhugen til å pendle er høgare i dei andre forsvarsgreinene.
Kor mange flyttar faktisk til tenestestaden sin? Årleg utgjer dette talet 4 til 5 prosent av personellet. Det tek dermed fleire år før endringar i flytteåtferd gir utslag i busettingsmønsteret. Dei fleste som vel å flytte, gjer det til ein tenestestad på Austlandet eller i Nord-Noreg. Flytteraten er høgast i aldersgruppa 23–29 år.
– Vi finn ingen tydeleg skilnad mellom menn og kvinner, men offiserar er meir tilbøyelege til å flytte enn spesialistbefal. Jo mindre sentral tenestestaden er, jo lågare er flytteraten. Skal Forsvaret lykkast med å auke rekrutteringa til dei mindre sentrale tenestestadene må personellpolitikken ta omsyn til desse skilnadene.
Fire av ti vil bu i by
Ei stor spørjeundersøking som blei sendt ut til forsvarssektoren i 2022 fortel meir om korleis dei militært tilsette sjølv tenker. Om lag halvparten av dei militært tilsette svarte.
– Her fann vi at 44 prosent av militært personell er urbane, i den forstand at det er viktig for dei å bu i eller nær ein større by. 35 prosent av dei som svarte sa at dei kjem til å slutte om dei på sikt ikkje får høve til å bu sentralt. Samtidig svarer 78 prosent av militært personell at det er viktig å bu i ein bestemt landsdel, uavhengig av om det er urbant eller ikkje, seier Petter Y. Lindgren.
Personell med familie er mindre urbane enn andre. Samtidig er dei sterkare knytte til ein bestemt landsdel. Mykje tyder på at personell i Hæren i større grad sluttar viss dei ikkje får bu urbant.
Bustad må til
Sjølve bustadsituasjonen er viktig. Spørjeundersøkinga fortel at tre av fire forsvarsfolk bur i eigen bustad, til liks med resten av befolkninga i Noreg.
– Samtidig finn vi at 40 prosent seier det er viktig å ha tilgang til ein militær eller sivil leigemarknad for bustader. Det viser kor viktig det er at det er ein fungerande leigemarknad på stadene der Forsvaret er. Det spelar lita rolle om det er Forsvaret eller den sivile leigemarknaden som tilbyr bustaden, så lenge behovet blir dekt, seier Lindgren.
Pengar verkar
FFI konstaterer at pengar – omtalt som «monetære insentiv» i rapportane – betyr ganske mykje for dei tilsette. Det påverkar viljen både til å pendle og flytte. Svært generøse ordningar gjer at så mange som 90 prosent seier seg villige til å pendle, og to av tre er då villige til å flytte.
– Vi tilrår at Forsvaret innfører eit tillegg knytt til geografien til tenestestadene. Dette tillegget kan ha to delar: flyttebonus og pendlebonus. Forsvarets flyttebonus finst i dag. Den bør spissast og bli styrkt, konstaterer Hanson.
Forskarane foreslår at det i tillegg kjem ein pendlebonus og mindre stive pendlarrettar, på toppen av dagens ordning med refusjon av pendlarutgifter.
– Pendlebonusen bør vere relativt låg når behovet for lokal busetting er stort, og relativt høg ved stor skeivskap i kompetanse på tvers av landsdelar, seier dei.
Fleksibilitet og insentiv
Ein ting er sikkert: Dei geografiske utfordringane kjem ikkje til å forsvinne. Forsvaret må sjå etter løysingar som gjer at forsvarskarrieren til personellet kan sameinast med familieliv og behovet for lokale sosiale nettverk.
– Utfordringa med å rekruttere og behalde personell i avsidesliggande område er kompleks, seier Torbjørn Hanson.
Han og medforskarane har konkludert med kva som kan forbetre situasjonen:
– Fleksibilitet, treffsikre insentiv og eit solid bustadtilbod kan gjere at Forsvaret lykkast. Då kan behova for bemanning i avsidesliggande strok bli dekt, samtidig som dei tilsette opplever ein fleksibel og føreseieleg kvardag, og ein karriere med tilstrekkeleg godtgjering. Det kan bidra til at Forsvaret får den oppbemanninga som skal til for å gjennomføre forsvarsløftet.