Dekompilere, sa du?

Har du nokon gong lurt på kva som skjuler seg i eit dataprogram? Jostein (22) har brukt studentopphaldet ved FFI til å knekke maskinkode. Det er som å avsløre oppskrifta til ei ferdigbakt kake.

Jostein (22) har hatt sommerjobb ved FFI.
DATATRYGGLEIK: Jostein (22) har i sommar jobba med å ta maskinkode og gjere den om til menneskelesbar kode. Prosjektet han jobba med, inngår i FFIs arbeid med datatryggleik, spesielt knytt til kritisk infrastruktur. (Foto: FFI)

I sommar har eg jobba med dekompilering. Det vil seie å ta maskinkode og gjere den om til menneskelesbar kode, samstundes som den er så lik den opphavlege koden som råd. Dette prosjektet inngår i FFIs arbeid med datatryggleik, spesielt knytt til kritisk infrastruktur.

Dekompilering er som å reversere ei oppskrift. Det kan samanliknast med å ta ei ferdig kake, og så prøve å finne ut kva ho inneheld og korleis ho blei laga. Dette er nyttig når du til dømes skal finne hol og manglar i tryggleiken til ei programvare eller eit system.

Maskinlæring

Her handlar det om å bruke maskinlæring. Ein maskinlæringsmodell kan sjå på store mengder data, gjenkjenne mønster og sjå samanhengar mykje raskare og meir nøyaktig enn eit menneske kan. I sommar har eg lært ganske mykje om både dette og det som blir kalla reversering. Dette er likevel tema som eg har vore interessert i lenge.

I barndommen var eg veldig oppteken av fysikk og kjemi, men på vidaregåande oppdaga eg etter kvart at det var programmering som tingen for meg. Der tok eg informasjonsteknologi som eit av faga, og eg fall veldig for det. Eg kunne lage eigne spel og slike ting. Etter kvart har eg så blitt interessert i cybertryggleik.

Lyst til å bli forskar

Det å bli forskar er noko eg alltid har hatt lyst til. Det var grunnen til at eg tok forskarlinja ved Bodin VGS.  Denne sommaren her på Kjeller har definitivt styrkt lysta. Ved FFI har eg fått snakke med mange andre som brenn for dei same tinga som eg gjer, og dei har verkeleg peiling på kva dei driv med. Eg har fått uvanleg god støtte gjennom prosjektet. Rettleiarane mine har vore gode til å halde kontakten undervegs, og dei har heile tida hjelpt meg og medstudentane mine. Denne oppfølginga har gjort meg endå meir motivert.

No held eg fram på it-studiet ved OsloMet. Eg vil gjerne jobbe meir innanfor cybertryggleik, men eg er ikkje heilt sikker på kva grein av fagfeltet det bør bli. Eg har leika litt med tanken på å sjå meir på dei offensive sidene av cybertryggleik, så eg tippar det blir den vegen eg går.

Interesse for faget viktigast

Mange av oss studentane sat og jobba på den gamle messa på Kjeller. Vi innførte vaffelfredag! Terskelen var låg for å gå og spørje andre om hjelp til noko du ikkje fekk til. Det gjorde at vi samarbeidde fint på tvers av prosjekta. Slikt skaper eit godt miljø.

Å verkeleg brenne for fagfeltet er nøkkelen når du jobbar ved FFI. Gode karakterar frå skolen er fint, men det er den genuine interesse av faget som tel mest. Då blir det så mykje lettare å få utbytte av jobben.

Oppsummert har sommaren ved instituttet ikkje berre vore lærerik og veldig sosial. Den gav meg også høve til å dykke endå djupare ned i noko som verkeleg interesserer meg.

Sommerjobb ved FFI

Hvem kan søke sommerjobb, hvor vil du jobbe og hva med sikkerhetsklarering?

Du kan søke sommerjobb hos oss hvis du studerer ved et universitet eller en høgskole. Du må være norsk statsborger, og vi krever sikkerhetsklarering.

Arbeidsstedet er på Kjeller ved Lillestrøm eller på Karljohansvern i Horten. Vi har et begrenset antall hybler til leie på Kjeller og prioriterer tildelingen til dem som ikke bor i pendleravstand til instituttet.

For studenter i sommerjobb benytter vi nivå Konfidensielt. Aktuelle kandidater vil få tilsendt blankett for personopplysninger, som fylles ut og returneres.
Du kan lese mer om sikkerhetsklarering her.

Vil du lese mer om hva andre studenter har jobbet med ved FFI?