Kort forklart: Kva er passive RF-sensorar?

Berit Jahnsen er forskingsleiar ved FFIs avdeling Strategiske analysar og fellessystem. Eit viktig forskingsområde for henne er elektromagnetiske operasjonar. Då kjem vi ikkje utanom passive RF-sensorar. I denne podkasten fortel ho meir om kva slike sensorar er, og kvifor FFI forskar på dei.

– RF står ganske enkelt for radiofrekvens, forklarar ho. 

– Ein passiv RF-sensor lyttar etter og fangar opp radar- og radiosignal. 

Slike sensorar er del av det som i forsvarsspråket blir omtalt som elektromagnetisk krigføring. Her er dei til god hjelp, fordi dei fangar opp radar- og radiosignal. 

– Dermed kan dei brukast til å avgjere kva som skal gjerast vidare, som til dømes jamming. RF-sensorar kan også fungere som radarvarslarar. Viss eit kampfly opplever at ein radar går frå å sjå på flyet av og til å sjå på flyet heile tida, er det fare på ferde. Då må flygaren finne på noko for ikkje å bli skoten ned. 

RF-sensoren let deg jakte ved å vere passiv

Forstå situasjonen 

Berit Jahnsen fortel at passive RF-sensorar også kan brukast til å oppfatte situasjonar og skjønne meir av kva som går føre seg i det elektromagnetiske spekteret. Dei eignar seg godt til generell overvaking. Også sivilt er det interesse for slike sensorar, som i Kystverket. Enkle versjonar av slike sensorar eignar seg for kystovervaking. 

Sensorar av denne typen kan ikkje måle avstand, berre retninga signala kjem frå. Men to eller fleire sensorar kan finne posisjonen til sendarar saman. Det kan gjerast både ved å krysspeile, eller ved å måle forskjellen i tidspunkt eit signal blir motteke. Å vere god på å geolokalisere sendarar er viktig, og eit tema i forskinga. 

Gjenkjenner fingeravtrykk 

– Ein annan ting som er kult med desse sensorane er at ein med litt signalbehandling og prosessering kan kjenne igjen signal som er observerte tidlegare, seier Jahnsen. 

– Det er ulike nivå av gjenkjenning. På sitt beste kan dei kjenne igjen «fingeravtrykk» – altså vite halenummeret på eit fly, basert på radarsignalet som blir fanga opp. I andre tilfelle kan ein finne ut kva type radar som er i aksjon. Det er nyttig å vere god på gjenkjenning. Her er det mykje upløgd mark for oss forskarar. 

Rask utvikling 

– Kvifor er arbeidet med RF-sensorar så viktig, Berit Jahnsen? 

– Utviklinga innanfor signalbehandlinga i radarar og radioar går fort. Nye og stadig meir avanserte bølgeformer blir tekne i bruk. Det elektromagnetiske spekteret blir også brukt meir og meir, og det blir tettare og tettare. No har nesten alle mobiltelefonar som bruker 4G/5G og det er wifi overalt. Difor er det viktig å forske på deteksjon og prosessering av signal – rett og slett for å handtere det tette signalmiljøet og for ha evna til å fange opp og prosessere nye typar signal. 

Bygger nye sensorar 

Jahnsen legg til at verken nasjonar eller industri er veldig villige til å snakke om korleis prosessering skjer i passive RF-sensorar. Mykje blir halde hemmeleg. 

– Derfor må vi ha eigen kompetanse. Forskinga vår skal bidra til det. Vi støttar Forsvaret når dei skaffar passive RF-sensorar. Vi samarbeider med dei operative om å utnytte og bruke passive RF-sensorar endå betre. No har også norsk industri vorte interessert i passive RF-sensorar. FFI støttar industrien her, slik at dei kan bli leverandørar av slike sensorar. Døme på dette er den FFI-utvikla navigasjonsradardetektoren som er med på satellitten NorSat-3. Denne detektoren blir no industrialisert. FFI har også utvikla ein bakkebasert slik detektor, som vi kallar LINE (Liten navigasjonsradar ES-sensor). Den skal nyttast til kystovervaking, og blir også industrialisert no. 

Forskingsprogrammet ved FFI bygger ulike sensorar. Målet er å teste ut nye og avanserte metodar. Jahnsen og kollegaene forskar her på fleire innfallsvinklar til deteksjon, gjenkjenning og geolokalisering. 

– Til dømes har vi ein eksperimentsensor vi kallar ELINOR. Det står for «Eksperimentell Liten Norsk RF-mottakar». Den tek vi no med oss ut til Forsvaret, for at vi saman skal utvikle den og kompetansen vidare.