Korleis skal Europa takle eit svekka Nato?
Er Donald Trumps eventuelle retur eit varsel om Natos død? Kva skjer i så fall med Europa?
Nato fylte 75 år i april. Men europeisk tryggingspolitikk handlar ikkje lenger berre om alliansen. Nato og EUs interesser er blitt meir samanfallande. Dei to samarbeider stadig tettare.
I denne podkasten har vi invitert tre forskarar til å snakke meir om eit Europa som ikkje lenger søv like trygt. Putins krig mot Ukraina og Kinas veksande makt er to sentrale faktorar.
Marianne Riddervold er forskar ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (Nupi) og professor ved Høyskolen Innlandet. Karsten Friis er også forskar ved Nupi, medan tredjemann i panelet er sjefsforskar Bjørn Olav Knutsen her ved FFI.
Spøkelset
– Spøkelset som heng over oss er at tryggleiken Nato representerer ikkje lenger er like opplagt, seier Marianne Riddervold.
– Samtidig ser vi at Nato no deler dei militære karta sine med unionen. EU ser på korleis reglar rundt toll og personellflyttingar kan auke den militære mobiliteten. Dersom standarden på bruer og infrastruktur blir samordna betyr det mykje for korleis kontinentet står rusta.
For mange hinder
– Europa er framleis for lite integrert når det gjeld forsvar, meiner Bjørn Olav Knutsen.
– Dei institusjonelle hindera er mange, seier Karsten Friis. Han utdjupar:
– Det amerikanske uttrykket «more bang for the buck» har mykje for seg. Korleis får Europa det, viss kvart lands forsvar opererer for seg? Dersom alle skal ha sine eigne stabsskoler og FFI-ar vil vi ikkje få felles institusjonar. Og kven skal leie? Mi største uro dersom USAs støtte fell bort er at det blir eit fråvær av europeisk leiing. Tyskland ønskjer ikkje å gjere det, av historiske årsaker. Frankrike prøver å leie, men stiller ikkje opp med nok ressursar. Britane har meldt seg ut, og i Polen er dei framleis for svake. Dette materialiserer seg i ein splitta strategi for Ukraina, og for korleis vi løyser store tryggingsspørsmål.
Trumps truverd
Så kvar ligg håpet? Mellom anna i at Trump vil sette USAs globale truverd på spel dersom han svekker Nato. Heller ikkje hans eige parti vil akseptere at han gir opp Europa, trur forskarane.