FFI ser på uønskt påverknad under norske val
På kva måte kan uønskt påverknad forstyrre norske val? FFI-forskarar har utvikla scenario for korleis det kan skje, og har vurdert ulike mottiltak.
Eit scenario skildrar korleis ein tenkjer seg ei utvikling eller handling. FFI har i ein ny rapport sett på korleis norske demokratiske val kan bli utsette for påverknad, til dømes frå utanlandske aktørar.
Døma i rapporten er konstruerte. Dei bygger likevel på brei kunnskap og forskingsbasert analyse. Føremålet er å få fram ulike måtar slik påverknad ved norske val kan utspele seg. Forskarane ved FFI har sett på mogelege følgjer, og korleis slike hendingar kan møtast.
Stort handlingsrom
Scenarioa er døme på korleis ulike former for påverknad kan sjå ut, men seier ingenting om kor sannsynlege dei er.
– Analysane syner at rommet for kva aktørar kan finne på er svært stort. Det er avhengig av kontekst, fantasi, kva som er råd teknologisk og kva aktøren vil, seier spesialrådgjevar Eskil Grendahl Sivertsen ved FFI.
– Difor gir det lite meining å freiste å vurdere kva for scenario som er mest eller minst sannsynleg fram i tid. Den viktigaste konklusjonen er likevel at førebygging og handtering av uønskt påverknad i samband med val vil krevje samarbeid mellom fleire offentlige styresmakter, presse og politiske parti.
Scenarioa i rapporten skildrar ulike tenkte forløp av hendingar, og kva utfordringar dei kan skape. Valstyresmaktenes evne til å handtere dette gjennom eksisterande beredskapsplaner er ikkje vurdert, fordi det låg utanfor oppdragets rammer.
Grunnlag for vidare arbeid
Scenarioa i rapporten er utarbeidde som del av eit forskingsprosjekt. Prosjektet er gjennomført av Forsvarets forskingsinstitutt, i samarbeid med Analyse & Tall og Common Consultancy. Kommunal- og distriktsdepartementet var oppdragsgjevar.
Første del av oppdraget var å gjennomføre ei kartlegging av om utanlandske aktørar freista å påverke valresultatet, valdeltakinga eller tilliten til valgjennomføringa i perioden før og under stortingsvalet i 2021.
Departementet har starta arbeidet med å førebu kommunestyre- og fylkestingsvalet neste år. Dei to rapportane er meint å bli nytta i departementets vidare arbeid med å styrke evna til å stå mot uønskt påverknad av val.