FFI-forskarar forklarar cybermakt i ny bok

Kva er cybermakt? Det er eit maktmiddel som er i ferd med å endre måten statar kan føre krig på. I ei ny bok tek FFI-forskarar og ei rekke andre fagfolk for seg fenomenet.

På kva måte kan mellomstatlege konfliktar bli utkjempa i cyberdomenet?

«Cybermakt. En tverrfaglig innføring» ser ekspertar innanfor ulike felt på korleis ulike statar brukar cyberdomenet til å utøve både hard og mjuk makt. Dataåtak og storskala påverknadsoperasjonar er blitt viktige verktøy, både for å oppnå mål og for å auke påverknad. Mellom anna fortel boka om måtar kunstig intelligens, stordata og digital overvaking kan brukast til slike formål.

Cybermakt representerer ei stor utfordring for nasjonale forsvarsinstitusjonar. Dei må omstille seg til eit nytt og førebels temmeleg ukjent terreng.

Uønskte hendingar

Boka fortel meir om korleis statar brukar cyberdomenet, og ein ser på det juridiske og etiske handlingsrommet for cyberoperasjonar. Røynsler med tidlegare hendingar gir praktiske døme på handtering av slike truslar.

ffi_cybermakt_2024_05_27.jpg
Den nye boka om cybermakt tek mål av seg til å gi eit overblikk over eit felt som kan vere ein ny krigsarena.

Sjefsforskarar Aasmund Thuv og Geir Enemo ved FFIs avdeling Strategiske analyser og fellessystem tek for seg åtaka på Helse Sør-Aust og fylkesmannsembeta for nokre år sidan. Begge desse viktige samfunnsaktørane blei utsette for uønskte IKT-hendingar.

Torbjørn Kveberg og Vårin Alme ved same avdeling som Thuv og Enemo ser på cyberoperasjonar i påverkingskampanjar: Korleis kan slik påverking vere ei form for maktbruk i internasjonal politikk?

Historikken

Arild Bergh er sjefsforskar i FFIs avdeling Totalforsvar. Han går historisk til verks, med påverking og teknologi gjennom tidene som tema. Tittelen på kapittelet er «Fra falske allierte til falske nyheter». Bergh ser mellom anna på feilinformasjon rundt koronaepidemien, og korleis sosiale medier kan forsterke effekten.

Defensive cyberoperasjonar

Benjamin J. Knox har vore hospitant ved FFIs avdeling Totalforsvar. Her tek NTNU-forskaren, saman med Geir Olav Dyrkolbotn og Roger Johnsen, opp defensive cyberoperasjonar som militært verkemiddel i norsk kontekst. Dei ser også på korleis utviklinga av slike operasjonar har vore.

Mental motstand og Stuxnet

Boka femner vidt. Den er til dømes innom både mental motstandskraft og det som skjedde rundt Stuxnet. Dette var namnet på dataormen som påførte Irans atomprogram store problem. Stuxnet var den første kjente dataormen som kunne spionerer på og programmere om på industrielle system.

24 forfattarar

«Cybermakt» er bygd opp som ein antologi. Boka har 16 kapittel og heile 24 forfattarar. Utgjevinga er meint for alle som er interessert i emnet, ikkje minst dei som arbeider med eller utdannar seg innanfor teknologi og tryggingspolitikk.

Bokas to redaktørar er Vivi Ringnes Berrefjord og Mass Soldal Lund. Berrefjord er leiar for cyberprogrammet ved Institutt for forsvarsstudium ved Forsvarets høgskole, og stipendiat ved Universitetet i Oslo. Lund er professor i cybertryggleik og samfunnstryggleik ved Høgskolen i Innlandet. I tillegg er han professor II i cyberoperasjonar ved cyberingeniørskolen, ein skole som er knytt til ved Forsvarets høgskole.

«Cybermakt» er gitt ut på Universitetsforlaget, med støtte frå Forsvarets høgskole.