Kva gjer dei ikkje-statlege aktørane?

Ebba (25) har brukt sommaren ved FFI til å sjå nærare på aktørar som kan påverke tryggingspolitikken.

Ebba har jobbet ved FFI i sommer.
Tryggingspolitikk: Ebba har brukt sommaren til å analysere ikkje-statlege aktørar og rolla deira i spesialoperasjonar. (Foto: FFI)

I sommar jobba eg ved FFIs avdeling for Innovasjon og Industriutvikling, ofte omtalt som I2. Eg har bidrege på instituttets SORD-prosjekt. Det er ei forkorting for Special Operations Research and Development. Oppgåva mi har vore å analysere ikkje-statlege aktørar og rolla deira i spesialoperasjonar. Det har gitt meg verdifull innsikt i komplekse tryggingspolitiske spørsmål.

Spennande å studere mekanismane

No tek eg ein mastergrad i International Conflict Studies ved King’s College i London. Forskingsspørsmålet eg jobba med på Kjeller i sommar var eigentleg nytt for meg. Heldigvis hadde eg god nytte av erfaringar eg har gjort på utanlandsopphald eg har hatt. Både desse opphalda og studiet har gitt meg eit fundament for å kunne forstå og analysere problemstillingar på tryggingsfeltet. Det har hjelpt meg til etter kvart å formulere eit relevant forskingsspørsmål.

Internasjonale relasjonar har interessert meg lenge. Det er viktig å kunne forstå meir av korleis statar og aktørar agerer overfor kvarandre. Det delikate spelet i internasjonal politikk og rundt konfliktar var avgjerande for studievalet mitt. Det er verkeleg spennande å studere mekanismane og aktørane som påverkar globale hendingar.

Vi kjem til å stå overfor mange store utfordringar i åra som kjem. Konfliktlandskapet er stort, alvorleg og komplekst. Tilliten til internasjonale organisasjonar, effektane av klimaendringar, auka flyktningstraumar og meir ekstremisme er berre nokre av problema som pressar på. Dei vil kreve at vi tenker nytt og finn innovative løysingar.

Noko av det finaste med å møte dei andre sommarstudentane her ved FFI var å høyre om dei vidt ulike arbeidsoppgåvene og emna dei forskar på. Mykje av det er teknisk avanserte tema. Slik fekk eg vite mykje om ting eg aldri hadde høyrt om før. Det har imponert meg å sjå breidda av kompetanse som finst her på instituttet. Å få snakke med folk som jobbar med alt frå teknologiutvikling til strategisk analyse var ein inspirerande augeopnar.

Djupdykk i eit fagområde

Å ha sommarjobb ved FFI er eit eineståande høve til å dykke djupt ned i eit fagområde du er interessert i, og samtidig få tilgang til og samarbeide med ekspertar på nettopp det fagfeltet. Det gir ein verdifull sjanse til å oppleve arbeidskvardagen ved FFI og å utvikle seg både fagleg og personleg.

Det var flott å få sjansen til å fordjupe seg i eit så relevant fagområde, og å samarbeide tett med ekspertar på feltet. Rettleiinga og samtalane eg har hatt med forskarane ved FFI har vore veldig lærerikt. Konstruktive tilbakemeldingar, og ikkje minst dei inspirerande samtalane eg har hatt med dei, det har vore gull. Så hurra for eit institutt som har så tilgjengelege og engasjerte rettleiarar!

Sommerjobb ved FFI

Hvem kan søke sommerjobb, hvor vil du jobbe og hva med sikkerhetsklarering?

Du kan søke sommerjobb hos oss hvis du studerer ved et universitet eller en høgskole. Du må være norsk statsborger, og vi krever sikkerhetsklarering.

Arbeidsstedet er på Kjeller ved Lillestrøm eller på Karljohansvern i Horten. Vi har et begrenset antall hybler til leie på Kjeller og prioriterer tildelingen til dem som ikke bor i pendleravstand til instituttet.

For studenter i sommerjobb benytter vi nivå Konfidensielt. Aktuelle kandidater vil få tilsendt blankett for personopplysninger, som fylles ut og returneres.
Du kan lese mer om sikkerhetsklarering her.

Vil du lese mer om hva andre studenter har jobbet med ved FFI?