Ubemannet båt kjører på havet
Tema

Materiellinvesteringar

FFI har ei viktig rolle når nytt materiell og nye konsept skal veljast.

Kvart år blir om lag ein tredel av forsvarsbudsjettet brukt på investeringar i materiell, system og tenester.

Nytt materiell og nye løysingar er ein av dei avgjerande drivarane for utvikling av eit effektivt og relevant forsvar. Det er viktig at investeringane utnyttar det som er teknologisk mogleg.

FFI bidreg med kunnskap om mest mogleg effektiv bruk av nye teknologiar og løysingar, og korleis investeringane blir gjennomførte på best mogleg måte.

Instituttet tek del i ulike fasar av prosjektløpet for slike investeringar, frå idé til effekt. Forsvarets materiell har lang levetid. Difor er det avgjerande at det kan oppdaterast gjennom heile si levetid, slik at utstyret blir tilpassa oppgåver og trusselbilete.

Det viktigaste produktet ved FFI er kunnskap. Difor er støtta Forsvaret får frå instituttet hovudsakleg forsking. Avgjerdene som blir tekne i investeringssamanheng i dag legg grunnlaget for eit kostnadseffektivt forsvar dei neste 20 til 40 åra. Innanfor forvaltninga av forsvarssektoren er det dermed få avgjerder som er viktigare enn slike innkjøp.

Relaterte prosjekt