I framtidas stridsfelt vil både menneske og maskiner samhandle tett, med vedvarande datafangst og gjennom system som opererer i nettverk. Samanstilling og tolking av store datamengder frå mange kjelder er eit område der kunstig intelligens er avgjerande. Såkalla djup læring gjer at maskinene også lærer meir, gjennom data dei sjølve tilfører og set saman.
FFI ønsker å stå sentralt i arbeidet med å bygge opp meir nasjonal kompetanse på dette feltet.