Heimevernet mot 2030
Korleis skal vi utvikle Heimevernet tilpassa framtidas oppgåver?
Fakta om prosjektet
Oppdragsgjevara
- Forsvarsdepartementet
- Heimevernet
FFI skal gjennomføre ein grundig studie av Heimevernets framtidige utforming. Oppdragsgjevaren er Forsvarsdepartementet og Heimevernet sjølv.
Sidan det blei oppretta rett etter andre verdskrigen har Heimevernet vore ein viktig del av Forsvarets styrkestruktur. Hovudvekta i tidlegare forsvarsstudiar og langtidsplanprosessar har likevel vore på andre delar av Forsvarets struktur. Heimevernets rolle, innretning og volum har berre i avgrensa grad vore gjenstand for ei grundig faglig vurdering.
Gjennom prosjektarbeidet skal FFI bidra til at Heimevernets organisasjon og aktivitet blir tilpassa oppgåvene i framtida.
Prosjektet blir leidd av FFI. Det blir gjennomført i nært samarbeid med Heimevernet, som stiller med ein offiser på heiltid i prosjektgruppa. I prosjektrådet deltek Forsvarsdepartementet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Landsrådet for Heimevernet, FFI og Forsvaret elles. Sjefen for Heimevernet leier prosjektrådet.
I prosjektet har vi perspektiv til 2030, for å bidra til den langsiktige dimensjonen i utviklinga av Heimevernet.
Den første leveransen i prosjektet er ein rapport om framtidig rolle og oppgåver for Heimevernet. Vidare skal vi arbeide med å utvikle ulike scenario. Vi skal analysere kva som krevst for at Heimevernet skal kunne løyse oppdraga i desse scenarioa. Deretter kjem vi til å ta for oss eventuelle gap mellom dagens struktur og funna i analysen. Målet er å ende opp med ei framstilling av korleis Heimevernet kan innrettast ved ulike ambisjonsnivå. Kostnadsestimat blir inkludert.
Prosjektet varer i tre år. Sluttrapporten blir lagt fram i 2021. Undervegs i prosjektet vil det bli gitt resultat vidare til plan- og utviklingsprosessar i forsvarssektoren.