Ukraina-krigen har også ein cyberdimensjon
Ei tradisjonell slagmark kan vere uoversiktleg, men kva med det digitale rommet? Krigen gir seg også til kjenne i cyberdomenet. Kva veit vi om ressursane som begge sider mobiliserer i Ukraina-krigen?
I denne utgåva av FFIs podkast Ugradert snakkar vi om ei side ved krigen i Ukraina som det ikkje er like lett å få auge på som troppeforflyttingar og fysiske åtak.
Torbjørn Kveberg og Una Hakvåg er begge seniorforskarar ved FFIs avdeling Strategiske analysar og fellessystem. Hakvåg har studert Russland i mange år. Ho har stor kunnskap om russisk tryggings- og innanrikspolitikk, og om personell og forsvarsutvikling. Kveberg har i lang tid studert påverkingsoperasjonar og cybermakt.
Russarane ser det annleis
Det russiske synet på informasjonskrigføring og cyberaktørar er annleis enn på vestleg side. På kva måte opererer russarane? Korleis blir krigen framstilt for det russiske folk? Una Hakvåg fortel meir om korleis mange yngre russarar finn fram til alternative kjelder for å følge krigen.
Ukrainas digitale kavaleri
På ukrainsk side er mykje av det som skjer på den digitale fronten mindre kjent. Wall Street Journal skriv at Ukraina har ein meir eller mindre frivillig IT-hær i og utanfor landet, på kanskje 400 000 individ. Kva inneber det?
Foreign Affairs snakkar om landets «digitale kavaleri». Korleis klarer de seg mot russarane? Torbjørn Kveberg trur forskarar i åra som kjem vil finne mykje dokumentasjon rundt hendingane i cyberspace som i dag er ukjent.
Det er ikkje slik at datamaskiner som slåst i cyberspace. Det står menneske bak. Una Hakvåg har sett litt på personellsituasjonen på russisk side. Vi veit at landet har hatt ein stor hjerneflukt i årevis. Det finst også eit samband på arbeidsmarknaden mellom russisk cyberevne, sanksjonar og mobilisering: personer i 20-30 årene utgjør meir enn 50 prosent av IT-kompetansen i Russland.
– Det er denne gruppa Russland vurderer å massemobilisere. Det er samstundes gruppa som i størst grad har flytta frå Russland, både før og i starten av krigen, fortel Una Hakvåg.
Putin har prega generasjonar
Eit tema i denne podkasten er også russaranes haldningar og grunnsyn. Fleire generasjonar kjenner berre Putins versjon av historia. Samstundes er det ein stor apati blant yngre russarar, som er blitt bombardert med hans framstilling av konflikten med Ukraina sidan dei første krigshandlingane i 2014.
Høyr meir i podkasten.