Kva skal Forsvaret med syntetisk biologi?

Kva handlar syntetisk biologi om? For Forsvaret dreier det seg både om kva som er mogleg og om utfordringane ved desse nye teknologiane, seier FFIs Anne Ohren Nordraak.

– Her snakkar vi om å bruke teknologi for å designe og produsere heilt eller delvis kunstige biologiske system, fortel ho i denne podkasten.

I utsegna hennar ligg noko som eigentleg handlar om ei heilt ny verd. Det er ei verd som vi enno ser berre nokre konturar av.

Nordraak er ein av forfattarane bak den nye rapporten «Synthetic biology and biotechnology for military medicine and chemical and biological defence – current state and future perspectives».

Banebrytande

Denne FFI-rapporten fortel om ikkje berre éin, men mange av dei banebrytande teknologiane som fell inn under omgrepet syntetisk biologi. Forsvarssektoren må møte utviklinga med mest mogleg kunnskap, meiner Nordraak. I så måte gir hennar og medforskar Ulrik Horns rapport no eit nyttig oversyn.

Teknologiane bak utviklinga er ikkje minst DNA-syntese og -sekvensering, genredigering, stamcelleteknologi og biosensorar.

– Alt dette gir enorme perspektiv for forsvarssektoren, men også uro for vondsinna bruk, seier Nordraak.

Lys og mørk side

Noko som er råd med den nye teknologien ligg i raskare utvikling av nye medisinar og vaksinar. For skadde soldatar kan regenerativ medisin for fysiske traume vere aktuelt å utforske. Meir i grenseland er det som opnar seg for å kunne forbetre evnene til personell. Og på den mørke sida ligg farane for at nokon utviklar syntetiske biologiske stridsmiddel av ulike slag.

Rapporten peikar difor på område der mottiltak må utforskast, til dømes for å finne vern mot genetisk endra mikroorganismar. Eit viktig felt kan også vere å utvikle teknologi for rask, lokal produksjon av medisinske mottiltak.

Krev etikk

– Vi kjem ikkje utanom at slik teknologi krev utvikling av etiske rammeverk og styring. Og korleis skal vi sikre sensitive data og forsking? Utfordringane står i kø, fastslår Anne Ohren Nordraak.

I denne Kort forklart-podkasten får du eit første innblikk i eit felt som FFI no engasjerer seg meir og meir i.