Kort forklart: kva er deepfake?
På kort tid har kunstig intelligens gitt oss verktøy som gjer det lettare å lage bilete, video og lyd som manipulerer identiteten til andre.
16. august 2023
Endret 16. august 2023
I denne episoden av FFIs podkast «Ugradert» snakkar spesialrådgivar Eskil Grendahl Sivertsen frå FFI om kva deepfake er og kvifor det er viktig med kjeldekritikk i møte med dagens medieinnhald.
FFI og Medietilsynet samarbeider i haust om ein kampanje som skal gjere folk meir merksame på kva deepfake er, og kor lett det er å bli lurt.
I videoen har Abid Raja frivillig late seg deepfake for å demonstrere kor lett ein kan bli lurt av bilete, lyd og video.