Ingen slår Erlings rekord: Han har jobba meir enn 60 år ved same arbeidsplass
Han har aldri vore på sjukehus, aldri levert ei sjukemelding og har gitt si eiga vekt i blod! I haust gjekk Erling Sunde av med pensjon, 85 år gamal.
Korleis utviklar du spissteknologi innafor eit felt du knapt kjenner, med hjelpemiddel som nesten ikkje finst?
– Som amerikanarane seier: Det er utruleg kva folk får gjort, berre dei er få nok, seier Erling Sunde (85).
Som ung, nytilsett forskar ved FFI på det tidlege 1960-talet fekk han ei stor utfordring: Sunde blei beden om å utvikle ein infraraud søkar for det komande Penguin-missilet. Saman med seg hadde han berre ein ingeniør og ein glasblåsar. Tilfeldig kom det på same tid eit nyutvikla materiale som var akkurat det det vesle teamet trengte for å løyse oppgåva. Gjennom prøving og feiling starta utviklinga av det som var heilt sentrale komponentar i det komande industrieventyret.
– Det er artig å ha vore med på noko som blei starten på ein milliardindustri, seier han i denne julepodkasten frå FFI.

Over 60 år på jobb
31. oktober i år hadde Erling sin siste arbeidsdag ved FFI. Ingen slår 85-åringens rekord: Han har vore her i over 60 år. Stryningen kom som diplomkandidat frå NTH. Erling har arbeidd under alle FFI-direktørane, unntatt den første. Etter eit kort pensjonist-avbrekk kom han tilbake for å hjelpe arkivet med historisk materiale.
Skole framfor hesjing
Erling var den tredje i søskenflokken sin på fire brør, frå garden Sunde i Stryn. Han legg ikkje skjul på kvifor han valde å studere.
– Om du har stått i slutten av august og hesja gras i ti varmegrader, og med nysnøen midt nedi fjella, då får du veldig lyst til å gå på skole!
Han kjente den legendariske FFI-direktøren Finn Lied godt. I åra ved instituttet arbeidde Erling saman med ei rekke av dei forskarane som var med på å sette teknologinasjonen Noreg på kartet, som informatikarane Kristen Nygaard og Jan Garwick.
I denne timelange samtalen deler Erling både spanande og muntre historier frå sitt fotografiske minne med oss.
Meir jobb ventar
Erling Sunde fortel at han aldri har vore på sjukehus, han har aldri levert ei sjukemelding «og eg har gitt mi eiga vekt i blod!». Om sommaren kalibrerer han sansen sin for det vakre med å dra til Stryn og gå opp på ein fjelltopp, fortel han.
Den spreke mannen frå Stryn har framleis like stor arbeidslyst.
– Familien er glad for det. No er eg blitt snekkar og gartnar på heiltid.
