Puss skader hjernen
Først no er forskarane blitt merksame på kor farleg kroppens eigne forsvarsmekanisme kan vere dersom den opptrer i hjernen – og kvifor.

Puss er velkjent for alle: Den gulkvite materien som dannar seg for eksempel rundt ei flis i fingeren. Ein slik byll blir i medisinsk samanheng kalla for ein abscess. Oppstår dei i hjernen, kan det vere livstruande.
– Symptoma kan vere hovudpine, kvalme og epileptiske anfall. Men ofte er det ikkje feber eller infeksjonsteikn i blodprøvene, noko som lett kan bli tolka i retning av at tilstanden ikkje er alvorlig. Før den altså blir det, og i mange tilfelle livstruande, seier overlege Bjørnar Hassel.
Hassel er seniorforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt, spesialist i nevrologi og professor ved avdeling for nevrohabilitering på Oslo Universitetssjukehus, Ullevål. Han er ein del av ei gruppe forskarar som prøver å lære meir om pasientar med abscessar innanfor kraniet.
– Også for Forsvaret er det viktig å ha kjennskap til hjerneabscessar fordi skuddskadar, fragment frå veibomber og anna som gir opne skadar i hovudskallen kan føre til infeksjon i hjernen, forklarer Hassel.
Kva skjer – eigentleg?
Kva er det eigentleg som skjer når det oppstår ein infeksjon i hjernen? Det har ingen studert i detalj tidlegare.
– Tidlegare har ein trudd at symptoma frå abscessar kom av den fysiske påverknaden, altså at abscessen trykte på hjernevevet. Men dette handlar ikkje berre om trykket. Det handlar om den kjemiske samansetninga til pusset, forklarer Hassel.
Han og nevrokirurg Daniel Dahlberg på Rikshospitalet har tatt prøver av pusset frå pasientar på operasjonsbordet for å sjå kva det bestod av. Funna var klare.
– Vi såg at slikt puss inneheld mange stoff som påverkar hjernefunksjonen: både stoff som fungerer som signalmolekyl mellom nerveceller, og stoff som verkar toksisk på hjerneceller. Desse stoffa stammar frå immuncellene som strøymer til for å motarbeide infeksjonen.
Kroppens forsvarssystem
Med andre ord er det forsvarsmekanismen i kroppen som skaper problem. Det er den same mekanismen som er i aksjon i hjernen som den rundt flisa i fingeren. Etter kort tid er vevet rundt flisa så oppløyst at ho losnar av seg sjølv. Pusset i eit sår på fingeren er lett å fjerne. Det er det ikkje dersom pusset har danna seg på innsida av hjerneskallen.
– Det vi no veit heilt sikkert, er at pusset hos pasienten er giftig. Det må opererast ut på flygande flekken, seier Hassel.
– Sjølv om bakterieinfeksjonen blir behandla, er det like farleg å bli gåande med pusset inne i hjernen. Sanninga er at bakteriane er det minst alvorlege. Dei har vi medisinar mot. Men antibiotika hjelper ikkje mot puss. Det held fram med å skade hjernen. I motsetning til hudcellene på fingeren, som veks til igjen etter at flisa er ute, skjer ikkje det same med nervecellene i hjernen. Dei blir varig øydelagde.
Bakteriane kan «vandre» til hjernen
I Noreg blir rundt femti personar ramma av hjerneabscessar kvart år. Det treng ikkje vere ein ytre skade. Infeksjonar i tannkjøtet, i mellomøyret og til og med på hjerteklaffane kan gi frå seg bakteriar til hjernen. Bakteriane blir med blodstraumen frå hjerteklaffane, men frå mellomøyret eller halsen vandrar dei «på eiga hand» i væskeromma til hjernen.
Der kan abscessane utvikle seg over relativt lang tid, utan at pasienten viser ytre teikn på at noko er gale.

Når teikna først viser seg, blir pasientane gjerne sende til CT-undersøking. Der kan abscessen feiltolkast som ein hjernesvulst. Ei MR-undersøking er det som må til for å stille diagnosen.
Blir skaden påvist tidleg nok, er den kirurgiske behandlinga relativt enkel. På Rikshospitalet har dei gått bort frå den tradisjonelle opninga av hodeskallen, kraniotomi.
– Vi bruker minimalt inngripande teknikkar. Det blir bora eit bitte lite hol i skallen. Så blir pusset fjerna gjennom ei tynn nål, fortel nevrokirurg Daniel Dahlberg.
Ane G. Rogne.
Lang veg tilbake
Pasientane kan få halvsidige lammingar og miste delar av synsfeltet på grunn av abscessen. For mange pasientar tar det dessutan lang tid å kome seg etterpå. Hovudpine, utmatting, epilepsi og andre utfordringar kan prege dei i fleire månader og år seinare. Går dei tilbake i full jobb for tidleg, kan det gjere tilfriskninga vanskelegare.
Teamet som forskar på denne typen skadar er også opptatt av eit spørsmål som hjernekirurgar ikkje kan svare på: Kva er dei kognitive konsekvensane? Ane Gretesdatter Rogne ved avdeling for nevrohabilitering på Oslo Universitetssjukehus på Ullevål og nevropsykolog Solrun Sigurdardottir ved Sunnaas sjukehus forskar på dette temaet.
Mange har «usynlege» vanskar
Det har vore forska lite på koplinga mellom hjerneabscessar og kognitive plager. Men verknadene av hjerneabscessar skil seg ikkje nødvendigvis spesielt frå det ein ser ved andre typar skadar i hjernen, meiner Ane G. Rogne.
– Konsekvensane kan vere svært ulike, avhengig av korleis og kvar den råkar i hjernen. Men hjerneskadar har ofte mange likskapstrekk, anten dei kjem av hovudtraume, hjerneslag eller abscessar, seier ho.
Uavhengig av årsak kan den som blir ramma, få vanskar med konsentrasjonen, med å hugse og med å strukturere seg sjølv i kvardagen.
– Mange er også plaga av at dei lettare blir utmatta. Det gjer at dei raskt blir mentalt slitne av å gjere ting dei tidlegare gjorde utan vanskar. Problema knytte til slike skadar er ikkje alltid synlege for omgivnadene og helsepersonell. Dei kan vise seg først når personen kjem heim frå sjukehuset og går i gang med dei meir komplekse oppgåvene som dagleglivet krev, seier Rogne.
– Pasientane opplever at det er tungt å kome i gang, planlegge og hugse alt dei skal gjere. Det er meir krevjande å henge med i sosiale situasjonar der fleire snakkar samtidig, og å halde på energi og konsentrasjon gjennom ein arbeidsdag. Pasientane kan ofte merke sjølve at noko er gale. Nokre seier at dei skulle ønske at dei var lamme i ein arm eller eit bein, «for då skjønar alle at vi er skada». Derfor er vi opptatt av å undersøke korleis det eigentleg står til, seier Rogne.
Blir aldri undersøkt
Rogne konstaterer at altfor mange pasientar med skadar og sjukdommar i hjernen aldri får undersøkt kva slags kognitive seinfølgjer skaden eller sjukdommen kan få før dei blir utskrivne frå sjukehuset.
– Her trengs det at helsepersonell forstår kognitive symptom betre, og at det er tverrfagleg samarbeid rundt utgreiinga og behandlinga av pasienten.
Dei testane ein nevropsykolog kan gjere, er på sin måte like informative som eit MR-bilete. Dei gir informasjon om korleis hjernen til pasienten fungerer i møte med ulike utfordringar etter skaden dei har fått.
Dette er nokså uavhengig av kva skadar ein ser på MR-bilete: per i dag kan ikkje biletdiagnostiske metodar føreseie særleg godt kva seinfølgjene vil vere i praksis. Og det er nettopp dette pasienten og dei pårørande ofte er mest opptatt av. Utgreiing av kognitive symptom er også sentralt for å kunne gi pasienten råd når det gjeld rehabilitering og tilbakeføring til jobb.

Starta med nysgjerrigheit
I litteraturen finst det frå før berre ein svært enkel studie utført i Austerrike og publisert i 2006, der 20 menn som hadde fått hjerneabscessar blei følgde opp i ettertid. For nokre av pasientene var det gått 6 månader etter ein hjerneabscess, for andre 42 år. Med i studien var også pasientar med andre typar hjerneskadar i tillegg til skaden frå abscess.
No skal norske forskarar følgje femti pasientar frå første diagnose og akuttbehandling, deretter over veker og år.
– Vi har fordelen av at vi startar undersøkingane i det hjerneabscessen er påvist. Slik får vi sett på utviklinga over tid, og får mykje meir presis kunnskap om korleis hjernen blir påverka av infeksjonar, seier Hassel.
Heile prosjektet starta med rein nysgjerrigheit.
– Ei natt for sju år sidan fekk vi inn ein pasient med hjerneabscess. Då kirurgen stakk hol, taut pusset ut. Daniel Dahlberg og eg fekk lov til å ta pusset med oss og undersøke det biokjemisk. Saman med fleire kollegaer granska vi etter kvart puss frå 30 pasientar, i perioden 2012 til 2014. Arbeidet har ført oss inn på det som no har utvikla seg til eit prosjekt som omfattar både kirurgi, psykologi, nevrologi, patologi, mikrobiologi, immunologi og biokjemi.
