Orkestermusikarar slit meir med helsa enn folk flest
Psykiske plager, nedsett høyrsel, øyresus og smerter i musklar og ledd er ikkje ukjent for verken militære eller sivile utøvarar. Musikarane likar jobben sin, men det er viktig å ta tak i helseproblema, seier FFI-forskarar.
Korleis står det til med arbeidsmiljø og helse hos orkestermusikarar, samanlikna med resten av det norske folk? Det er spørsmålet FFIs Frank Brundtland Steder og den pensjonerte arbeidsmedisinaren og NTNU-professoren Bjørn Hilt har stilt seg.
No har dei fått svar.
Resultata er baserte på ei tidlegare spørjeundersøking blant rundt 500 profesjonelle orkestermusikarar. Av desse spela om lag 400 i sivile orkester og rundt 100 i militære. Så har forskarane samanlikna denne undersøkinga med dei nyaste levekårsundersøkingane til Statistisk sentralbyrå.
– Det viktigaste funnet er at det statistisk sett står dårlegare til med dei sivile musikarane enn resten av befolkninga. Når vi samanliknar har dei langt høgare førekomst av psykiske plager, seier Steder.
Spesielt for dei militære musikarane er også at dei, mykje meir enn dei sivile kollegaene sine, fryktar for omorganisering og nedleggingar.
Øyresus og medikament
Forskarane fann òg at musikarane har meir plager med høyrsel og øyresus.
– Sjølv om dei har meir av både psykiske og fysiske plager enn gjennomsnittet, finn vi at musikarane stort sett er nøgde med si eiga helse og med livet generelt.
Steder seier at undersøkinga også syner at musikarane i sivile orkester bruker litt meir helsetenester, i noko større grad òg medikament.
– Vi finn dessutan at dei sivile musikarane drikk meir alkohol enn andre.
Uro i organisasjonen
FFI følgjer her opp eit tidlegare arbeid på det same forskingsfeltet. Det starta med at det oppstod uro etter undersøkingar av psykisk helse og søvn hos medlemmer i Musikernes Fellesorganisasjon. I 2020 blei det teke initiativ til ei omfattande undersøking av arbeid og helse hos musikarar i militære orkester. FFI stod for denne undersøkinga.
Også dei sivile orkestera melde då si interesse. Dermed gjorde FFI ved årsskiftet 2020–21 ei elektronisk spørreskjemaundersøking av alle tilsette musikarar i Det norske blåseensemble, Stavanger symfoniorkester, Oslo filharmoniske orkester, Kringkastingsorkesteret, Arktisk filharmoni, Bergen filharmoniske orkester, Trondheim symfoniorkester & opera, Operaorkesteret, Forsvarets stabsmusikkorps, Den kongelige norske marines musikkorps, Hærens musikkorps, Sjøforsvarets musikkorps, Luftforsvarets musikkorps og Forsvarets musikk stab. Til saman 528 musikarar deltok.
Skadane må følgjast opp
Musikarundersøkinga har avdekt endå ei utfordring: Det er stort omfang av muskel- og skjelettskadar.
– Særleg utsett er nakke og skulder, og armer og hender. Krampar er ikkje uvanleg. Det kjem i tillegg til den høgare førekomsten av psykiske plager, som for ein stor del handlar om angst. Vi tilrår i rapporten at det fysiske og psykiske skadeomfanget blir følgd opp så snart som mogleg, og førebygd, seier Steder.
Liknar toppidrett
Forskarane peikar på at profesjonelle musikarar kan samanliknast med toppidrettsutøvarar.
– Prestasjonskrava er høge. Ein skal alltid vere på topp når det gjeld. Forsking har dei siste tiåra gitt kunnskap rundt omgrepet prestasjon. Fysiske og mentale forhold skal hjelpe idrettsutøvarar til å yte sitt beste. Store ressursar blir sette inn for å hjelpe toppidrettsutøvarar tilbake når dei blir skadde eller av andre grunnar ikkje presterer. Eit slikt system kunne trengast, men finst ikkje for utøvande kunstnarar, seier Frank Brundtland Steder.
Rapporten peikar på at det å vere skapande kunstnar er spesielt. Ofte er ein overlaten til seg sjølv og si eiga skaparevne. Einsemd, tvil, økonomiske og eksistensielle utfordringar blir opplevde som tyngjande. Orkestermusikarar bedømmer seg sjølv, og dei blir vurderte av andre: Kollegaer og publikum krev at dei skal prestere.
Musikarane må øve heile tida og stadig kunne ta omsyn til nye oppgåver. Fysisk kan einsidige muskelrørsler gjennom tallause øvingstimar føre til slitasje eller overbelastning.
Bør undersøkast jamleg
Data til musikarundersøkinga blei samla inn under koronaepidemien.
– Difor kan samanlikninga med tidlegare undersøkingar vere noko misvisande, sjølv om vi har teke høgd for det i analysane. Vi tilrår at ei tilsvarande heilskapleg undersøking blant musikarane blir jamleg gjennomført, til dømes annakvart år. Ei nasjonal musikarundersøking vil utfylle lokale medarbeidarundersøkingar i kvart enkelt orkester, avsluttar Steder.
Lett tilgjengeleg
Den nye FFI-rapporten er skriven med mål om at han skal vere til god nytte. Det er lagt vekt på at rapporten er leseleg og forståeleg både for dei som har bestilt han, for norske orkestermusikarar, og alle andre interesserte.