Norske militærleirar kan bli grønare med di hjelp

Ei mobil militærleir krev mykje energi. Korleis kan energibruken bli meir berekraftig? Det kan norske verksemder hjelpe til med. No er eit nytt europeisk samarbeidsprosjekt på jakt etter teknologi og kompetanse innanfor alle typar flyttbar energiproduksjon og lagring.

vinterlandskap og mobil militærleir
Korleis kan ein tenke grønare og få ned energiforbruket i ein mobil militærleir? European Defence Fund (EDF) og Forsvarsdepartementet leitar no etter gode svar blant private foretak. Bildet er frå frå Nato-øvinga Cold Response. (Foto Adrian Lombardo/Forsvaret).

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og Institutt for energiteknikk (IFE) arbeider saman med eit internasjonalt konsortium om å utforme det nye prosjektet, som heiter INDY 2. Det er ein oppfølgjar til INDY, ein forskingsstudie som blir avslutta i år. INDY 2 skal legge vekt på utprøving av teknologi under ulike klimatiske tilhøve. Målet er å utvikle og teste energieffektive og berekraftige løysingar for militærleirar, i Noreg med spesiell vekt på arktisk klima.

Finansieringa kjem frå European Defence Fund (EDF) og Forsvarsdepartementet.

Bedrifter som blir med får dekt 85 prosent av kostnadene sine.

Gode på teknologi

Ein ser spesielt etter norske verksemder som er gode på energiproduksjon og energilagring. Det omfattar både vindkraft, solkraft, batteri og hydrogen. Like eins er det interesse for alle som kan noko om samproduksjon av kraft og varme, til dømes hybride batteri-dieselmotorar. Det same gjeld lokal produksjon av e-drivstoff ved hjelp av hydrogen. Verksemder med teknologi og innsikt i karbonfangst bør også melde seg.

Det er ikkje noko krav at verksemda er leverandør til Forsvaret frå før.

Banebrytande

Prosjektet skal gi høve til å delta i eit banebrytande prosjekt med vekt på grøn energi for mobile militærleirar. Dei som blir invitert med kan forvente samarbeid med leiande aktørar innanfor forsking og industri. Den økonomiske støtta kjem frå EDF og Forsvarsdepartementet.

Prosjektets hovudmål er å få hjelp til å utvikle løysingar med stor forsvarsnytte for Noreg. Spesielt velkomne er bedrifter som vil bidra til å utvikle og teste løysingane sine i arktisk klima.

Frist i mai

Prosjektet ønsker at alle interesserte melder seg så snart som råd, ultimo mai. Grunnen er at prosjektet gjerne vil gjere seg kjent med bedriftene.

Søknadsfristen til EDF-utlysinga av prosjektet er 24. november 2024. Dersom konsortiet får tilslag startar prosjektet i fjerde kvartal 2025. Heile prosjektet skal vare i tre år, fram til 2028.

Meir informasjon om deltaking (pdf).

Verksemder som er interessert kan kontakte FFI direkte i kontaktskjema under.