Dette skal FFI forske på framover

Tysdag blei den nye forskingsplanen til FFI overlevert til forsvarsminister Frank Bakke-Jensen. Her kan du sjå foredraga frå lanseringa.

Akkurat no opplever vi at den teknologiske utviklinga går i ekspressfart. I kjernen av det som skjer, ser vi nøkkelorda stordata, autonomi og kunstig intelligens. Det har openberre konsekvensar for forsvarssektoren, understreka FFI-direktør John Mikal Størdal.

Sjølve forskningsplanen er gradert, men her kan du lese UTSYN, vår ugraderte oppsummering av forskingsplanen (PDF). Her står det meir om dei teknologiske trendane vi meiner vil påverke Forsvaret i åra som kjem.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) skrytte av innsatsen til dei FFI-tilsette.
Odd-Harald Hagen fra Forsvarsdepartementet- Eg forventar at FFI er modige og tør å utfordre etablerte sanningar. Det må til dersom vi skal skape eit effektivt forsvar, meiner Odd Harald Hagen, sjef ved avdeling for forsvarspolitikk og langtidsplanlegging i Forsvarsdepartementet

I tillegg til kommentarar frå Forsvarsministeren og sjefen for langtidsplanlegging, fekk publikum høyre tre FFI-forskarar fortelje om sine forskingsfelt.

Forskar Rikke Amilde Seehuus gav publikum ei lynkjapp innføring i djup læring, og korleis maskiner kan bruke sensorar for å tolke og forstå omgivnadane sine og løyse nye oppgåver.
Jens Inge Hyndøy viste eit eksempel på korleis ny teknologi kan brukast til å forsvare ein base. Han snakka også om korleis Forsvaret, forskingsmiljøa og norsk industri kan bli endå betre til å samarbeide.
Kjersti Brattekås viste korleis FFI forskar for å styrke norsk beredskap og krisehandtering.